Gjerdsvika Næringsutvikling har gått grundig til verks i skulesaka:

– Saksbehandlingsfeil

Gjerdsvika Nærings- utvikling konkluderer med at det ikkje kan gjerast vedtak i skulestruktursaka i Sande. Dette på grunn av feil i saks- behandlinga.
Nyhende

I ei femsiders høyringsfråsegn går Gjerdsvika Næringsutvikling (GN) detaljert til verks inn mot fleire sider av høyringa og forskriftsendringa.

Heile fråsegna er å finne ein annan stad i dagens avis.

Innleiingsvis skriv GN at dei har vore svært bekymra for at Gjerdsvika som bygd ikkje vert høyrd i prosessen.

– Det har i åras løp vore svært krevjande å «stå imot» presset frå ein administrasjon og politikarar som ynskjer «oss» nedlagde, skriv GN.

– Svært negativt

Dei meiner det å kunne miste nærskulen for dei minste vil bli opplevd som svært negativt og vert utelukkande vurdert til å vere eit negativt tiltak.

– Ein skule representerer ein viktig institusjon i lokalmiljøet og er eit identitetsskapande element i lokalmiljøet. Skulen og uteområdet er eit samlingspunkt og ein fysisk base for aktivitetar i nærmiljøet også utanom skuletid, skriv GN og ritar opp ei rekkje aktivitetar knytt til skuleområdet.

GN slår fast at kommunen ikkje har gjennomført delutgreiingar i høve til samfunnsutvikling for Gjerdsvika som sak i høve til høyringsdokumentet om ny skulestruktur.

Stort hamneprosjekt og nye arbeidsplassar

– I denne samanheng er også nytt hamneprosjekt eit viktig insitament med om lag 60.000 m2 nytt næringsareal som er ei svært viktig del av dette med tanke på potensielt nye arbeidsplassar, heiter det i inn-spelet frå dei næringsdrivande i bygda.

Eit anna kapittel omtalar store i høve til små skular.

– Små skular har meir oversiktlege sosiale forhold, noko msom er viktig både fagleg og for det psykososiale læringsmiljøet, skriv GN.

Ingen analysar

– Det er borna sitt beste som skal ivaretakast, og ikkje lærarar, administrasjon og politikarar, heiter det mellom anna også.

Ein minner også om at det ikkje finst noko form for analysar eller vurderingar om born, trafikk, modenheit og liknande i høyringsdokumentet.

GN syner vidare til Grunnlova § 104, jf FN sin barnekonvensjon artikkel 3. I sistnemnde vert det streka under at det ved handlingar som omfattar born, så er det borna sitt beste som skal vere eit grunnleggjande omsyn.

– Gjerdsvika Næringsutvikling registrerer at omsynet til skuleborna i Gjerdsvika barne-skule sitt beste ikkje er vurdert og analysert konkret i denne saka. Mangel på dette går tydeleg fram av høyringsdokumentet. Vi meiner dette er ein svært alvorleg saksbehandlingsfeil.

Om skulevegane

Det vert vidare synt til Opplæringslova § 8-1, og utgangspunktet om at elevar har rett til å gå på den skulen som ligg nærast eller ved den skulen i nærmiljøet som dei soknar til.

Farleg skuleveg er også eit emne i fråsegna frå GN. På generelt grunnlag omtalar ein området rundt Gjøneset som rasfarleg. I tillegg også at den smale gamlevegen gjennom Haugsbygda ikkje tilfredsstiller krava til akseptabel norsk vegstandard.

Generelt minner ein kommunen om stort potensiale for svært alvorlege utfall med buss, ferje eller båt om ei alvorleg ulukke skulle skje.

Avsluttingsvis omtalar ein det som ei kjend sak at foreldre har teke ut born av grunnskulen i Gjerdsvika, over til privat skule.

– Det kan vere fleire årsaker til dette. Men det verserer kommentarar om at det også dreier seg om mobbing/trakassering. GN tek ikkje stilling til dette, anna enn å påpeike det store ansvaret som kommunen har som skuleeigar, heiter det mellom anna i fråsegna.