Butikkutviklar Gøril Florvaag om Fosnavåg sentrum:

– Eit uutnytta potensial

– Eg ser at her er moglegheiter, og så skjønar eg ikkje kvifor folk ikkje grip dei.

Ingen skuldar dykk noko.

Nyhende

Desse orda vart uttala heilt til slutt i torsdagens føredrag under bedriftsmessa i Fosnavåg. Dei var del av eit lenger svar på eit spørsmål butikkutviklar Gøril Florvaag fekk frå salen: Kva synest du om det du har sett av butikkar i Fosnavåg?

– Eg har sett nokre eg meiner ikkje heng med i tida. Og det var ganske pent sagt, var det ikkje?

Florvaag har visstnok rykte på seg for å vere «herleg ærleg» eller «brutalt ærleg» alt etter kven du spør.

– Greia er at det er dei gode som vil bli betre. Dei dårlege skjønar ikkje at dei treng hjelp, dei tek ikkje kontakt, og eg oppsøker dei heller ikkje. Men det er dei som kanskje burde ha vore her i dag, seier ho.

Vi dreg kjensel på under ti representantar frå butikknæringa i sentrum. Der er elles fleire næringsdrivande frå andre teneste-yrke.

Spørsmålsstillaren, han sit i Herøy næringsforum, skyt handa i vêret igjen:

– Korleis skal vi ta tak i etternølarane som ikkje møter opp her i dag? Er det eit kollektivt ansvar?

– Eg meiner at dess fleire som samarbeider om noko frå ulike typar bransjar, dess lettare er det å få til ting. Men der er ikkje alltid midlar, og då er dugnad eit stikkord, seier Florvaag.

Så kjem ho inn på eit betent tema.

– Når det gjeld opningstider, kjem vi til eit skifte. Dei som trur dei kan drive butikk frå kl. 9 til 16 må tru om igjen. Folk har ikkje tid til å handle då. Og dei som ikkje følgjer med i timen må leggje ned, seier ho.

Det store butikkløftet

For eit par år sidan starta Florvaag #detstorebutikkløftet.

– Det må ikkje forvekslast med at lokalbefolkninga må støtte butikken dykkar. Ingen skuldar dykk noko. Kundane skal velje dykk fordi de er så sabla gode, seier Florvaag.

Men korleis blir ein «sabla god»? Dei frammøtte fekk mange tips og råd under føredraget, men vart oppmoda om å «reise» på nettet for meir informasjon og inspirasjon frå andre plassar. Her får vi dessutan berre gjeve att ein brøkdel av det butikkutviklaren sa.

– Vi er ekstremt sjølvsentrerte

– Vi har mykje fokus på oss sjølve og isceneset våre liv på sosiale media, seier Florvaag.

Ho har notert ned nokre tal som seier noko om fokus-endringa dei siste åra. Mellom anna tok det 13 år før 50 millionar menneske hadde TV, medan det tok tre år før like mange brukte Facebook. Instagram brukte berre 0,5 år på å få 50 mill. brukarar, Angrybirds; 35 dagar, og Pokémon Go; ti dagar, opplyser ho.

– Det seier noko om kvar vi lever liva våre.

Så kva har dette med butikk å gjere?

– Kundens forventningar, slår Florvaag fast;

– Viss du ikkje klarer å skreddarsy tilbodet ditt til kundane dine, slik at dei kjenner seg sett, møtt, gledd, elska, så vert dei ikkje særleg imponerte. Vi kundar er kravstore og vil ha spesialtilpassing, seier ho.

Frå estetikk til service

Butikkutviklaren snakkar mykje om grunnleggande «nøklar til suksess», som at ein butikk bør appellere til kjensler. Det kan skje ved hjelp av estetiske grep som form, farge, lukt, lyd, og – ikkje minst – opplevingar.

– Butikkutvikling er stadsutvikling og stadsutvikling er butikkutvikling. Folk i dag er villige til å dra ganske langt for å oppsøke ein butikk som har noko dei har lyst på – ikkje treng – men lyst på. Då er stadsglede viktig. Kanskje noko sært der du er, som gjer at kunden kjenner noko spesielt. Det er opplevingane folk hugsar, seier Florvaag.