Ei hjelpande hand blei til fast fredagstradisjon

– Eg er utruleg takksam

For eitt år sidan fekk kjøpmann Willy Solvang telefon frå ei dame som trengde matleveranse. Eit år seinare er det blitt ein fast fredagstradisjon.
Nyhende

– Det går stort sett i den same handlelista.

Willy Solvang dobbeltsjekkar varene i handlevogna som ein kollega har henta frå varehyllene på Rema 100 i Fosnavåg. Det er fredag, og for kjøpmannen betyr det at han skal ut å gjere vekas gode gjerning, ei gjerning som har blitt ein tradisjon det siste året.

– Fast «fredagsdate»

Vi set oss i bilen og Solvang legg eit halvfullt handlenett i baksetet før det ber av garde mot Fosnavåg.

– Det var i fjor eg fekk ein telefon frå ei dame som lurte på om vi kunne levere matvarer til ho på døra då ho ikkje kom seg ut av huset for eiga maskin. Slike førespurnadar får eg ikkje til å svare nei på, seier Solvang, i det vi svingar ned frå Skarabakken.

Vi er på veg til Solvår Hagen. Ettersom ho har ein betennelse i muskelfestet i venstre fot har ho problem med å kome seg ut å handle. I fjor tok ho derfor opp røret og ringde Willy.

– Og sidan har det blitt ein fast «fredagsdate», smiler Solvang.

Tøft år, men lys i tunnelen

Medan vi er på veg til Solvår spør vi Solvang om korleis Rema 1000 i Fosnavåg gjer det. Svaret vi får er at det har vore eit tøft år å drive butikk. Dette er mykje takka vere omdømefallet til Rema etter slutningane som vart kjent som kjeda sin «bestevenn»-strategi, der dei satsa på gode ordningar med prioriterte leverandørar – men som også førte til at enkelte varer frå andre leverandørar utanfor ordninga blei nedprioriterte.

– Men no går det bra for oss. Pilene for vår butikk peikar oppover, forklarar Solvang i det vi er framme ved huset.

– Utruleg takksam

Solvår står allereie klar i inngangsdøra og lyser opp i det Willy rekkjer ho handlenettet.

– Dette er eg utruleg takksam for, seier ho og betalar Willy med eit smil pengane ho har gjort klare.

Ho forklarar at denne sørvisgjerninga har vore til stor hjelp for henne i kvardagen, og at ho er imponert over at Solvang tek seg tid til å levere varene personleg.

Etter å ha ynskt kvarandre god helg vender Solvang tilbake til butikken, vel vitande om at fredagens gode gjerning nok ein gong er utført.