Tala verfta si sak

Dag Vaagen tok på Høgre sitt landsmøte opp spørsmålet om like rammevilkår i verftsnæringa.

Vaagen på landsmøte: – Det norske maritime miljøet med sin kompetanse og si unike innovasjonskraft er fremste garantist for å drive fram den grøne omstillinga, sa Vaagen. (Foto: Høgre)  Foto: Høgre

Nyhende

– Frå bransjehald vert det meldt om stor bekymring at konkurrerande land som særskilt Tyrkia, har betydeleg betre finansieringsordning med ein statleg eksportkredittbank som er både byggelånsbank og yter langsiktige lån til svært gunstige vilkår, sa Vaagen på Høgre sitt landsmøte i helga.

Det var til emnet «Stimulere til grøn vekst for norsk maritim næring» Vaagen hadde ordet.

Han slo fast at det er viktig at verftsnæringa har rammevilkår som dermed gjer det mogleg å kapre oppdrag til dømes med el-ferjer.

Vaagen bad regjeringa om å gjere dei grep som må til gjennom GIEK og Eksportkreditt.

I same innlegget sa Vaagen at det «grønt skifte» har pågått lenge. Han synte til eigen kommune generelt og Stadt AS spesielt, gründerbedrifta som har utvikla og patentert diesel– og gasselektriske framdriftssystem, og som no leverer femte generasjon av eigenutvikla framdriftssystem. Stadt har som kjent nyleg fått kontrakt med eit svensk marinefartøy.