Skulebuss i grøfta på Voldsund

Ein buss med skuleelevar om bord køyrde i grøfta på Voldsund måndag ettermiddag.

Vestlandsnytt har fått tilsendt dette bilete av bussen.  Foto: Tipsar

Nyhende

Ingen personar skal ha kome til skade, ifølgje Sunnmørsposten.

Då Vestlandsnytt var i kontakt med politiet hadde dei ikkje fått melding om hendinga. Årsaken til hendinga er ukjend. Ein tipsasr fortel at der er bremsespor på staden.