Kontor og leilegheiter på Vågsholmen

nytt bygg: På denne tomta på Vågsholmen er eit kombinert kontor- og leilegheitsbygg under planlegging.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Samtidig med oppstarten for Vågsholmen As sitt nye leilegheitsprosjekt, er eit anna prosjekt under oppsegling på nabotomta på Vågsholmen. Her ønskjer grunneigarane å etablere eit kombinert kontor- og leilegheitsbygg på ei tomt som er regulert til reint bustadområde.

Etter grønt lys frå formannskapet har grunneigarane sett i gang arbeidet med å omregulere den eitt mål store tomta. Planen går ut på å realisere eit bygg på fire etasjar med leilegheiter i toppetasjen og resten kontor.

Rådmannen meiner endringa i hovudsak stettar intensjonen i kommuneplanen med å legge til rette for både bustader og kontor i Fosnavåg sentrum.

Det nye bygget vil ta utgangspunkt i eksisterande bygg på tomta som skal vidareutviklast til eit nytt konsept.