Ulykkea ved Almenningskaia

Kvinna i betring etter å ha ramla i sjøen

Kvinna i 60-åra som var sendt til St. Olavs hospital i Trondheim med luftambulanse etter at ho og ein mann ramla i vatnet i Fosnavåg natt til laurdag er i betring.
Nyhende

Siste nytt i saka er at kvinna er i betring og stabil.  Ho er flytta ut av intensivavdelinga får Vestlandsnytt opplyst frå St. Olavs hospital. 

Ramla i sjøen

Natt til laurdag fekk politiet inn ei melding om at to personar hadde ramla i vatnet ved Almenningskaia i Fosnavåg.

–  Begge blei berga i land av vitne på staden. Ein mann har blitt køyrt til Volda sjukehus. Han var bevisst, men nedkjølt. Ei kvinne har blitt frakta til St. Olavs i Trondheim med luftambulanse. Dette har operasjonsleiar Erik Dyb i Møre og Romsdal politidistrikt sagt til NTB.

Kvinna var medvitslaus då ho blei sendt til sjukehuset i Trondheim. Begge personane skal vere i 60-åra. Politiet skriv på Twitter at dei ser på det som ei ulykke.