Teknisk eining med innspel i skulestrutursaka:

Slår vedlikehalds-alarm

Teknisk eining i Sande kommune har kome med høyringsfråsegn i saka om skulestruktur.
Nyhende

Eininga meiner ikkje noko bestemt om sjølve skulestrukturen, men omtalar forhold knytt til drift og vedlikehald av den kommunale bygningsmassen.

– Om den same bygningsmassen skal nyttast framover, bør ein dele fleire av bygningane inn i aktive og passive areal, slik at drifts- og vedlikehaldskostnadane kan reduserast, skriv etaten i eit ferskt innspel.

Det vert lagt til at uansett kva modell for framtig organisering som vert valt, må det settast av pengar for å halde bygningsmassen på eit forsvarleg nivå.

«Kvadratmeter per elev»

Teknisk etat har utarbeidd ein tabell som syner kor stort areal elevane har per kvadratmeter. For Larsnes skule er det 17, for Gursken 18, for Gjerdsvika 36, for Sandsøya 45 og for Kvamsøya 53 kvadratmeter kvar elev har å boltre seg på.

Eininga skriv i fråsegna at kommunen set av 25 kroner per kvadratmeter til årleg vedlikehald. Den naudsynte summen, for å halde tritt med forfall, bør vere tre-fire gongar høgare, meiner teknisk eining. Eininga meiner disponibelt areal på skulebygga bør tilpassast talet på elevar i kvar skule. Det å stenge av delar av bygningane kan spare kommunen for reinhald, straum og ein del ettersyn.

Fagforbundet og Delta

Fagforbundet og Delta har kome med ein felles uttale. Dei skriv at trygg skuleveg er eit absolutt krav.

– Det vil verte utfordrande å halde seg innafor fylkeskommunen si rettleiande reisetid, skriv forbunda vidare.

Samstundes meiner forbunda at større einingar og læringsmiljø vil verke positivt fagleg og sosialt for elevane. Dei legg til at fordelane må settast opp mot ulempene med reisetid. Forbunda minner også kommunen om at arbeidstakarane må bli ivaretekne på ein ryddig og korrekt måte i høve til omstruktureringa.

Kyrkjeringen

Dessutan har Kyrkjeringen i Sande kome med ein uttale. Dei skriv at dei nyttar skulekjøkenet på Sandsøy skule til sine faste møte, og håpar dei også i framtida kan gjere det på same måten.