Sjønært bustadområde i Sørlia

TERRASSERT: Dei nye bustadane vil ikkje «stele» utsikt frå dei som allereie er etablerte i Sørlia.  Foto: Illustrasjon

Nyhende

BT Utbygging er klar med eit forslag til korleis nedre delen av Sørlia bustadfelt på Bergsøya kan utviklast. Planforslaget, som no går til politisk behandling, legg opp til ti einebustadtomter og ei rad med 12 naust bak dei noverande nausta i Toftestøa.

For å sikre mangfald og variasjon for barna som skal vekse opp i det nye bustadområdet, er det lagt opp til to ulike typar leikeareal.

I plankommentarane blir det vist til at ei utnytting av eit så kupert område til bustader ville ha vore nærast uråd å få til utan å gjere inngrep i terrenget. Utbygginga vil difor føre til ei endring av dagens landskap.

Forslagsstillarane viser til at dette er ein plan som gir rom for utvikling av eit godt miljø med vekt på det lokale og maritime, med nærleik mellom bustad, naust, sjø og båtliv.