Lensmannskontoret i Fosnavåg skal ikkje vere nokon «filial» av Vanylven:

-Opningstidene må sjåast nærare på

–Opningstidene i Fosnavåg må vi sjå nærare på, seier lensmann Tor Sæter.
Nyhende

Basert på opningstidene kan det sjå ut som om Fosnavåg lensmannskontor skal vere som ein «filial» av lensmannskontoret i Vanylven.

– Ja, det kan faktisk verke slik, men det er ikkje tilfelle, seier Sæter som er lensmann ved begge kontora.

Medan kontoret i Vanylven skal ha ope fire dagar i veka, har Fosnavåg-kontoret ope berre to dagar med fire timar kvar. Dessutan er det også passutskriving ved lensmannskontoret på Fiskå, i motsetning til i Fosnavåg.

Dette går fram av den nye lokale organisasjonen som Møre og Romsdal politidistrikt har sett i verk frå april.

Ifylgje Sæter, som er lensmann for Søre Sunnmøre lensmannsdistrikt og tenestestads- leiar både i Fosnvåg og Vanylven, må den reduserte opningstida i Fosnavåg sjåast i saman- heng med kontoret sine fysiske avgrensingar.

Må vike plass

Problemet i Fosnavåg er at dagens lokale er for små til at ein kan operere med den bemanninga som etter planen skal vere der på sikt. Det betyr mellom anna at det vil oppstå plassmangel i ulike tilfelle, som til dømes når spesialistar må hentast inn i samband med etterforsking av straffesaker.

– Då er det eg som må vike plass, seier Sæter.

Den reduserte opningstida heng òg saman med at det på grunn av plassmangelen berre er ein fast tilsett polititenestemann ved Herøy og Sande lensmannskontor i Fosnavåg, mot to i Vanylven.

Sæter meiner at på dagar det ikkje er politifolk på jobb, kan kontoret like gjerne vere stengt.

–Men framover skal eg vere meir i Fosnavåg enn i Vanylven, og opningstidene kjem til å bli justerte, seier han.

Blir bemanningsauke

I fylgje Sæter er situasjonen med plassmangel og redusert bemanning eit forbigåande fenomen, som vil rette seg den dagen lensmannskontoret kan ta i bruk nye og meir tidhøvelege lokale i Fosnavåg. Jakta på nye lokale er allereie i gang, og Sæter håper mange vil melde seg som både har ledige lokale og som vil bygge nytt.

– Dagens situasjon er reint mellombels. Når dei nye lokala er på plass, vil det bli bemanningsauke og eit meir robust kontor i Fosnavåg, seier han.

Nøyaktig kor mange tilsette det blir i Fosnavåg, er ifylgje Sæter likevel for tidleg å slå fast.

Tvilsamt om pass

Etter den nye strukturen skal fjorten kontor rundt om i fylket ha utskriving av pass. Fosnavåg er ikkje mellom desse. Kampen om å få passautomat i Fosnavåg ser dermed ut til å vere over, men lensmann Sæter seier han framleis vil jobbe for at Fosnavåg skal kome på lista over stader i fylket der folk kan få utskrive pass.

Vanylven har hatt passautomat i mange år, men den vil ifylgje lensmann Sæter falle vekk når det nye passystemet er kome på plass. Kontoret på Fiskå vil nemleg ikkje greie minstekravet om tusen passutskrivingar i året.

Sæter seier han framleis har eit håp om at det skal kome passautomat i Fosnavåg. Han vil i alle fall jobbe for det, men per i dag veit han ikkje korleis det nye passystemet kjem til å fungere.

– Signala tyder på at det skal bli enda meir sentralisert enn i dag, og det talar ikkje akkurat til Fosnavåg sin fordel, seier han.

Politimeister Ingar Bøen viser i ei pressemelding til at dei fjorten oppmøtestadane for pass i fylket skal gjelde fram til det kjem ei endeleg avklaring frå Stortinget om det nye passystemet. Fram til då vil det på Sunnmøre vere passutskriving i Vanylven, Ulstein, Ørsta, Sykkylven og Haram, i tillegg til Ålesund.