Merkeleg framlegg frå fylkeskommunen

(Leiar)

Larsnes ferjekai: Illustrasjon  Foto: Endre Vorren

Nyhende

I utgangspunktet høyrest framlegget om å få to ferjer i staden for ei ferje på rute 01, ut som ein framifrå ide. Tenk viss det kunne gå to ferjer på denne rundturen, slik at ein til dømes fekk avgang frå Larsnes kvar heile i staden for annakvar time.

Likevel er det grunn til å sjå med sunn skepsis på ideen, og stille spørsmåla «korleis» og «kvifor».

Det verkar for det første litt uklårt kven som kjem med framlegget. Fylkeskommunen gir uttrykk for at det er praktiske utfordringar med biloppstillingsplassen ved Larsnes ferjekai som er årsaka. Og så kjem det:

«– Sambandet Åram-Larsnes vil då berre ha eitt merka biloppstillingsfelt på Larsnes der reisande til Voksa og Kvamsøya vil stille på lik linje med reisande frå Åram. Ein vil då måtte bytte ferje på Åram, til sambandet Åram-Voksa-Kvamsøya», skriv saksbehandlar Atle Ræstad hos fylkeskommunen.

Splittinga av ruta må ved eit slikt utfall reknast heilt bokstaveleg. Nemleg at reisande til dømes til «øyane» frå Larsnes, må gå eller køyre på land på Åram – for så å vente på neste ferje som skal ta dei utover.

Ei slik løysing verkar både ulogisk og uforsvarleg. Vert det derimot slik Sande kommune ynskjer, at to ferjer det meste av dagen kan gå heile runda, verkar det fornuftig.

Det er nærliggande å tru at andre interesser er inne i bildet, tilsvarande det som skjedde då Haram fekk endå ei ferje. Denne kunne soleis bli rekna inn i finansieringa (ferjeavløysingsmidlar) til Nordøyvegen. I Sande og Vanylven vert det som kjent arbeidd for etablering av to fastlandssamband.

Er det slik at det finst lokale interessentar som har ein finger med i spelet når det gjeld splitte-ideen, ber vi vedkomande om å «stå fram». Det tener ingen å operere med ein skjult agenda når vi snakkar om noko så viktig som det som i alle fall inntil vidare er livsnerven for fleire bygder og kommunar – ferjene.