Flakk inn på Skotholmen

Flakk-gruppen går inn som ny aksjonær i Skotholmen As etter ei kapitalutviding.
Nyhende

– Den styrka kapitalbasen vil gjere oss i stand til å vidareutvikle Skotholmen som eit unikt opplevingsprodukt, og til også å kunne utvide sesongen.

Slik kommenterer Arthur Almestad i eigedomsselskapet resultatet av kapitalutvidinga som gir selskapet musklar til vidare satsing på Skotholmen.

Flakk var fyrstevalet

Almestad viser til at dei heilt sidan kjøpet av Skotholmen i 2009 har hatt som mål å knyte til seg ein større aktør som jobbar opp imot den nasjonale og internasjonale marknaden.

Han legg ikkje skjul på at nettopp Flakk-Gruppen og 62Nord er den aktøren dei har hatt i tankane heilt frå starten av.

– No er vi så heldige å ha fått dei med på laget. Det er vi svært glade for, seier han.

Almestad ser det som ein klar styrke å ha fått inn ein stor reiselivsaktør som søkjer etter å gi unike mat-, natur- og kulturopplevingar, eller akkurat det som Skotholmen-konseptet er tufta på.

Fem millionar kroner

Gjennom kapitalutvidinga har eigedomsselskapet styrka aksjekapitalen med fem millionar kroner. I tillegg til Flakk-Gruppen har også Bjørn Teigene kome inn som ny aksjonær gjennom selskapet Jeasimo As, samt at eksisterande aksjonærar har skote inn om lag ein million kroner.

– Vi er svært glade for at dei lokale aksjonærane framleis har stor tru på konseptet, og at vi har fått nye med på laget, seier Almestad.

Investeringar

Almestad viser til at for å kunne vidareutvikle Skotholmen som eit spennande opplevingsprodukt, må det gjerast investeringar som gjer holmen enda meir tilgjengeleg, og som aukar kapasiteten for arrangement.

Den mest omfattande investeringa i nær framtid blir å oppgradere andre etasje i sjøbuda til å kunne halde små selskap og møte i autentiske omgivnader. I tillegg er det planar om å forbetre kjøkenfasilitetane og uteområdet med ny flytebrygge.

– Dei meir langsiktige planane må vi kome tilbake til, men reguleringsplanen gir oss høve til å utvikle Skotholmen til ein enda meir levande og attraktiv holme med utvida tilbod i forhold til i dag, seier Almestad.

Knut Flakk har ikkje vore tilgjengeleg for å kommentere satsinga på Skotholmen.