Erstattar nausttomter på Larsnes

Endeleg skjer det noko med dei «sakna» nausttomtene på Larsnes.

Naust: AG Plan og Arkitektur har teikna framlegget til etablering av erstattingsnaustområde, sentralt i bildet.  Foto: Sande kommune

Nyhende

Formannskapet i Sande har velsigna kommunen sine eigne planar om etablering av eit felt med nausttomter i vika lengst aust i Larsnes-hamna.

Det skal erstatte tomtene som vart vekkregulerte i Holmesundet i 2005. Tomtene feltet skal erstatte, tilhøyrde gardsbruka i Dalen og Kvalen. Eigarane har i fleire år bede om framdrift i saka om dei bortkomne tomtene, og no er det rørsle. Likevel vil det framleis ta tid, for planendringa er så stor at det vert gjennomført ein fullstendig reguleringsprosess.

Teknisk etat meiner det omsøkte området i dag framstår som lite tiltalande og lite tilgjengeleg, og det einaste alternativet for dei seks nausta.