Til sist: Knut Arne Høyvik

Dialektane våre

Fjernsynsserien «Heimebane» rullar over skjermane våre kvar søndag. I etterkant har det vore ein diskusjon om dialektar.

Heimebane: F.v. John Carew, Ane Dahl Torp og Harald Øvereng i ei av scenene i den populære TV-serien der utgangspunktet er Ulsteinvik og Varg (Hødd). Øvereng har erfaring også frå Kong Arthurspelet. (Foto: NRK) 

Dette fortel oss kor viktige dialektane er for identiteten vår. Vi bør vere stolte av dialekten vår, og ta vare på han.

Nyhende

M eistrar skodespelarane å snakke den sunnmørske dialekten? Greier hovudpersonen i serien, spelt av Ane Dahl Torp, å snakke trøndersk? Eg tykkjer dei som snakkar sunnmørsk gjer det ganske bra, å herme etter ein dialekt er veldig vanskeleg. Men eg er ikkje i stand til å vurdere om Ane Dahl Torp snakkar godt trøndersk. Det er forresten minst like mange dialektar i Trøndelag, som på Sunnmøre, kanskje fleire. Sjølv i Trondheim snakkar ikkje alle likt, dei fleste seier «Æ» i staden for «Eg», men dei fine fruene i byen seier «Jei».

Dialekten vår, er vårt fingeravtrykk, og berre innanfor korte avstandar her på Sunnmøre, er dialektene ulike. Men du må bu her for å høyre det, og dialektane endrar seg. Når eg og morfar reiste på sjøen i lag på 1960-talet, og morgonen var fin, kunne han seie noko sånt som: «Det e fine mennja, Knut, det såg ikkje slik ut ijaftes, då ej la mej tett ette minnjette». Om du viser denne setninga til dagens ungdom, vil dei fleste slite med å skjøne kva det handlar om, men slik snakka bestefarsgenerasjonen her for 50 år sidan.

Ein sumardag på 1970-talet stod eg på kaia i Ålesund, og såg på at ein bankfiskebåt frå Lepsøya la til kai. Ein mann stod på dekk og ropte: «På hine sine, på hine sine….»

I mi dialekt brukar vi orda «hine sine» om noko som er andre sitt. Det er ikkje våra, det er (dei) hine sine. Men det var ikkje det mannen på båten snakka om, og eg måtte løyse gåta. Då båten var trygt fortøya, spurde eg mannen, kva han meinte. Han ropte om ei fortøyingstrosse som låg på andre sida av båten, på hi sida som vi ville seie- det skal ikkje vere enkelt.

Eg har brukt delar av livet mitt til å prate tull, og fortelje historier offentleg. Eg er veldig svak for historiene som har sitt utspring på Kvamsøya og Sandsøya. Nokre av dei er baserte på eigne opplevingar, eg har vore på sjøen saman med mange flotte karar frå desse øyane.

Nokre historier er nok oppdikta, men bevisst knytt til desse øyane, av ukjente grunnar.

I Sande kan folk prate heilt roleg og alminneleg, men dei merkar ikkje sjølve at gullkorna kjem tette som hagl. Humoren i Sande er meir saktegåande og lun, enn humoren i Herøy og Ulstein, det er min påstand, og ikkje forsking.

Ja, det har noko med dialekten å gjere, og dialekten på Kvamsøya er ulik den på Sandsøya. Når eg fortel desse historiene, som eg er så glad i, prøvar eg å herme etter dialektane. Det er det ingen som har kommentert verken i Ålesund, Ulsteinvik eller andre stadar på Sunnmøre.

Då eg for nokre år sidan skulle fortelje historier på Kvamsøydagane så herma eg så godt eg kunne. Etterpå var det ein innfødd som kom med ei klar, men godlynt melding: «Vitsane va grei nok dei, men ikkje prøv dej på dialekta, det får du ikkje til». Med andre ord, om eg hadde spelt kvamsøying i ei TV-serie, hadde det hagla med kritikk fordi eg ikkje meistra dialekten deira, så vanskeleg er det. Eg berre nemner at det er 2,5 mil i luftlinje frå der eg er fødd, og til Kvamsøya.

Dette fortel oss kor viktige dialektane er for identiteten vår. Vi bør vere stolte av dialekten vår, og ta vare på han. Det er ikkje enkelt, i ei tid der engelske låneord invaderer det norske språket. Det må vi motarbeide med alle midlar, elles får vi eit kvasispråk.

Apropos engelsk: Eg kjem på fiskaren frå Kvamsøya som kom inn på ei slaktarforretning i Lerwick på Shetland og skulle kjøpe kjøt, noko som var vanleg for fiskarane på Vestlandet.

Dette var i ei tid då fiskarane ikkje kunne engelsk. Men denne karen visste råd, og gjekk difor langs disken og sa «nøff, nøff, nøff» Dama bak disken kunne tilfeldigvis norsk, og spurde den arme mann «Er det bacon du skal ha»?

Kvamsøyingen vart heilt overraska, såg på henne og sa: «Årre heite det, snakka du norsk då, og her stende ej og snakka engelsk».

Ha ein ordrik fredag!