Sjå stor bildeserie:

38 bedrifter på messe i Fosnavåg

Mat, kle, bil, reise, coaching, reise, høgteknologiske nyvinningar, og mykje meir. Gårsdagens bedriftsmesse på Thon Hotel Fosnavåg synte eit vidt spekter av bransjar på Sunnmøre.
Nyhende

– Det er kjekt å vere her; litt intimt og mange å prate med.

Det seier dagleg leiar Maria Sporstøl Leine og tilsett Julie Rogne, som er på stand i Fosnavåg for første gong i år.

På det vesle bordet framfor dei ser vi eit skilt: «Kor mange år har Marias Mote vore i Fosnavåg?». Den med rett svar er med i ei trekning av eit gåvekort på ein verdi av 1000,-.

– Det er ein lågterskel-konkurranse, smiler Leine, og gliser breitt medan ho held fram eit flunkande nytt visittkort med ein logo med påskrifta: «1993-2018 25 år».

Ho er slett ikkje den einaste som køyrer konkurranse. På dei ulike standane kan publikum vinne alt frå gåvekort til middagar og reiser.

Sel seg inn

Litt av meininga med messa er sjølvsagt at dei ulike bedriftene skal få syne fram kva dei tilbyr av teneste og produkt. I løpet av vår vesle rundtur lærer vi mellom anna litt om Gjerdsvika-bedrifta John Gjerde AS sine tank-luft-ventilar.

– Alle flytande konstruksjonar treng ein slik, seier seljar Sølvi Voldnes, og viser fram ein av dei nyaste modellane.

Produktet sikrar flytande innhald, som olje, diesel eller drikkevatn i dei såkalla servicetankane på ein båt.

Fortel om dekkhotell

Fire-fem meter unna dreg vi kjensel på Nerijus Cesevicius i Mekonomen bilverksted i Fosnavåg. Han kan mellom anna fortelje at dei for om lag eit år sidan starta med «dekkhotell», der dei mellom anna vaskar og lagrar dekk.

Jaktar samarbeidspartnarar

Marvin Kopperstad er på plass med det nystarta firmaet Explore Fosnavåg. Han håper messa gir han høve til å kome i kontakt med potensielle samarbeidspartnarar som har noko å tilby turistar og andre tilreisande.

– Eg har allereie prata med nokre som kan vere aktuelle, seier han.

Kopperstad seier vidare at han håpar alle som er interesserte i eit samarbeid kan ta kontakt.

Føredrag om butikkutvikling

Fleire bedrifter heldt presentasjonar i Redarrommet i løpet av dagen. I tillegg kom butikkutviklar Gøril Florvaag for å snakke om kva grep dei lokale butikkane kan gjere for å trekkje til seg kundar. Vi gir eit fyldig referat frå føredraget i neste avis.