Fryktar jordvern kan hindre busetting på Remøy

– Gjer øya tilgjengeleg!

Store LNF-område på Remøya kan skremme vekk tilflyttarar, fryktar lokale.
Nyhende

– Eg høyrer om fleire ungdomar som har slått frå seg å busette seg på Remøya på grunn av at arealet dei vil bygge på er LNF-område. Dette er noko eg stiller meg kritisk til, seier Olav Sævik, ein bygdepatriot på øya.

LNF, står for landbruks-, natur- og friluftsområde. Her er det, med mindre ein får det omgjort, ikkje lov med bygg og anleggsverksemd om det ikkje har tilknyting til landbruk og stadbunden næring.

Mykje landbruksareal

Konfererer ein med kommunekarta finn ein at mykje jord, spesielt i området mellom bedehuset og Remøybrua, er verna for landbruk. Likevel er det viktig å nemne at der er fleire tomter i Myrane, over gamlevegen og nokre bustadregulerte område i Sævik. Men dette er ikkje godt nok meiner Sævik.

– Det er ikkje sikkert alle vil busette seg akkurat der.

Ein av dei som har hatt ynskje om å busette seg på øya der han vaks opp, er Håvard Remøy.

– Eg hadde Remøya som mitt fyrsteval når det kom til bustadbygging, men på grunn av jordvern blei det vanskeleg, fortel Remøy til Vestlandsnytt.

Tidlegare forsøk

Ole Magne Rotevatn, avdelingsleiar for utvikling i Herøy kommune, kan fortelje at ved førre rullering av kommuneplanen var heile området mellom gamlevegen og dagens fylkesveg forsøkt endra frå LNF til bustadføremål frå kommunen si side. Men denne prosessen blei stoppa av regionale myndigheiter på grunn av at det ville vere i strid med plan- og bygningslova, og jordlova. Einaste nye arealet som vart godkjent i samband med kommuneplanen var eit område sør for den gamle skuletomta på 20 dekar.

Fryktar for framtida

Olav meiner at ansvarlege må sjå til at jordverna areal på Remøya kan settast av til bustadformål.

Han peikar også på jorda som er merka som LNF ikkje blir brukt til landbruk og kjem truleg ikkje til å bli det heller, ifølgje Sævik.

I verste konsekvens trur Olav dette kan vere med å svekke Remøya ved å hindre at folk flyttar til øya og at bygdesamfunnet vil lide ungdommeleg tap.

– Eg meiner det er på høg tid at vi tilgjengeleggjer jordverna areal på Remøya til bustadbygging, avsluttar Sævik.