Var nomiknert til fire prisar

Vann pris for beste regi og manus

Simon Gjerde Tonev var nominert til fire prisar på Sogndal Filmfestival. Han og kjærasten vann pris for beste regi og manus.

Simon Gjerde var nominert til fire prisar under årets filmfestival i Sogndal. Foto: Christoffer Meyer  Foto: Christoffer Meyer

Nyhende

Simon Gjerde Tonev og kjærasten Veronica Vilde Pedersen fekk torsdag kveld prisen for beste regi og manus under Sogndal Filmfestival. Tonev var nominert til prisar for Beste regi- og manus, Beste etterarbeid, Juryprisen og Publikumsprisen.

Tonev har vakse opp delvis hos faren sin i Herøy og delvis hos mora si på Hareid. Han bur for tida i Bergen, der han jobbar som fotograf og filmassistent for KIND Conceptual Brandning.

Om filmen

«Porcelain» er ein poetisk, stemningsfull og eksperimentell kortfilm på fire og eit halvt minutt om ei jente som har falle ut av samfunnet, og som lar seg leie av dei mørke freistingane verda har å by på. Filmen forsøker å utforske temaa fasade, fridom og dop, heiter det i ei pressemelding om filmen.

?version=3&hl=nb_NO&rel=0" frameborder="0" allowfullscreen>

Nominert til Amandus UNG

Tonev er også nominert til Amandus UNG på Lillehammer Internasjonale Studentfilmfestival for den same filmen.

I fjor vann Tonev Publikumsprisen for krigsfilmen «The Letter» under den same festivalen.