Skredundersøking i Gjerdsvika

Ein frådelingssøknad i Gjerdsvika møter endå meir motstand.

Ved Gotefeltet: Det vert søkt om dispensasjon for to tomter, der den eine ligg i og den andre nord for det avmerka gule området.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Det har versert ei sak i Sande kommune over tid, knytt til ein dispensasjon frå kommuneplanen til omgjering frå bustadtomt til hyttetomt på gnr. 2 bnr. 14 i Gjerdsvika. I tillegg også at nabotomta kan omgjerast til hyttetomt.

Fylkesmannen skriv til dispensasjonssøknaden at støyforholda må avklarast, sidan tomtene ligg nær fylkesvegen. I tillegg er arealet avmerkt som «aktsemdsområde» i NVE sitt kart. På denne bakgrunn set Fylkesmannen no krav om dokumentasjon for at faren for skred fyller krava som er gjevne i byggteknisk forskrift. Utan slik skredundersøking vurderer Fylkesmannen å klage på eit eventuelt positivt vedtak.