Eit nytt og heilt spesielt oppdrag ventar mannskapet på Island Pride når båten er ferdig med noverande jobb i Det karibiske havet.

Fleirbruksfartøyet til Island offshore er innleigd til å vere moderfartøy under ein vitskapleg ekspedisjon til vraket av Titanic. Ved hjelp av ein nyutvikla ubåt skal vitskapsfolk gjere ei grundig scanning av vraket som ligg på 4000 meters djup utfor New Foundland.

I tillegg til det vitskaplege skal utbåten, som kan ta fem personar om gongen, også bringe med seg turistar som er villige til å betale dyrt for å kome ned til verdas mest omtalte skipsvrak. Nokre av seta på ubåten skal vere selde for meir enn 100.000 USD kvar

Ifylgje Blomberg.com tilsvarar denne billettprisen om lag det same som det kosta å reise på fyrste klasse med Titanic under den fatale jomfruturen for snart 106 år sidan, omrekna til dagens pengeverdi.

Island-direktør Håvard Ulstein fortel at er båten innleigd av Oceangate for juli og august.

– Vi tener godt med pengar på jobben, seier han.