Circle K samarbeider med Too Good to Go

Brukar app for å bremse matsvinn

Circle K stasjonen i Fosnavåg kjemper mot mat svinn ved hjelp av appen Too Good To Go.

Ikkje kast: Rikke Remøy, dagleg leiar for Circle K Fosnavåg, var rask med å hive seg med i «Too Good to Go»-samarbeidet, ein app som skal hindre matsvinn. Ho ser på det som meiningslaust å hive mat som framleis er brukande.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Ei ny undersøking gjort av YouGov på vegner av Grønt Punkt Norge viser at 86 prosent av vestlendingar trur brukt plastemballasje er eit større miljøproblem enn matsvinn.

Kjeldesortering av plast er sjølvsagt noko alle og ein kvar burde gjere som eit miljøsparande tiltak, men i sluttrapporten til forskingsprosjektet Format, kjem det fram at ein gjennomsnittleg nordmann årleg kastar 42,1 kilo mat som kunne vore spist. Produksjonen av denne maten som vert kasta svarar til om lag 112 kilo CO2-ekvivalentar.

Til samanlikning forbruker ein nordmann i snitt 18 kilo plastemballasje kvart år, ifølge Grønt Punkt-berekningar. Produksjonen av denne plasten svarar til om lag 42 kilo CO2-ekvivalentar.

Tek opp kampen med app

Akkurat desse tala er interessante å sjå på når vi kjem til appen «Too Good to Go». Dette er ei kast mindre mat-løysing som tek sikte på å hjelpe bedrifter med å få selje ut matvarer som elles ville ha gått i søppelbøtta. Alt dette skjer til ein billigare pris til fordel for forbrukaren og dei rundt 450 000 norske app-brukarane.

Circle K Fosnavåg i front

Den lokale Circle K stasjonen i Fosnavåg er ein av tre Circle K stasjonar i fylket som er med å tilby så kalla forundringsposar med mat som i grunnen ikkje burde kastast.

– Når vi fekk tilbodet var eg rask med å takke ja. Eg visste allereie kor bra dette tiltaket var. Vi slepp å kaste fin brukbar mat og vi får samtidig tilby eit billig produkt til kundar. Samtidig er dette miljøvennleg, smiler Rikke Remøy, dagleg leiar ved Circle K Fosnavåg.

Ho fortel at dei kvar kveld legg ut posar med bollar og ferskvarer til sals i appen og at folk kan kome å «redde» varene på stasjonen.

– Og har vi andre varer, som ikkje er ferskvarer, som går ut på dato er vi velvillige og slenger oppi andre godsaker også. Det er mykje betre enn å kaste den, forklarar Rikke.

Håpar fleire ser verdien

Rikke har inga bekymring for at slike løysingar påverkar anna sal og håpar andre bedrifter også kan ta til med å bruke appen.

– Eg tur ikkje vi eller nokon andre tapar stort på ei slik løysing. Det er heller berre ting å vinne på det, tenker eg, seier Remøy.