Bergsøy er klar for 1. runde i NM-cupen

– Det er heilt fenomenalt

Med ein knusande siger over Rollon på bortebane er Bergsøy klare for 1. runde i cupen. Det var årets store mål, seier trenaren.

Målscorarar: Franjo Tepuric score 2 mål og Fredrik Muren 1 mål. Martin Søvik Røren scora også eitt mål, men han er ikkje på bilete.   Foto: Bergsøy

Nyhende

– Dette er heilt fenomenalt. For oss var dette fyrsteprioritet i år. At Bergsøy klarer å kvalifisere seg til cupen er ein svær prestasjon vi skal vere stolte over, fortel ein storfornøgd trenar, Toni Sandanger, dagen derpå etter ein maktdemonstrasjon på bortebane.

Knuste Rollon

Onsdag kveld stod skjebnekampen på bortebane mot Rollon. Bergsøy opna kampen sterkt med eit mål ifrå Fredrik Muren. Ikkje lenge etter blei dette følgt opp av eit mål av Franjo Tepuric som sette Bergsøy i to måls leiing. Like før pause sette Martin Søvik Røren det tredje målet for Bergsøy noko som laga god stemning i laget like før pause.

– Vi gjennomførte ein utruleg god teknisk fyrste-omgang. Vi endra spelarstilen vår til å la Rollon styre kampen, noko eg trur dei var ukomfortable med å gjere. Karane gjennomførte planen vi hadde på ein fabelaktig måte, skryt Sandanger.

Andre omgang blei ikkje slett like målrik som den fyrste omgangen. Franjo Tepuric sørga likevel for nok eit mål for Bergsøy. I tillegg fekk Rollon eit mål mot slutten av kampen.

Kampen enda altså 1–4 til Bergsøy.

– Kampplanen fungerte 100 % og vi er no klare for NM, skryt Sandanger.

Går «all inn»

Kven Bergsøy møter i fyrste cupkamp er endå ikkje klart. Men ein ting er sikkert:

– Vi går «all inn» uansett kven vi møter. Eg skal vere ærleg og seie at eg satsar på at vi får møte toppen av eliteserien, seier ein ambisiøs trenar.

Han skisserer opp ein draumekamp mot Molde.

– Om vi kunne fått eit eliteserielag på heimebane ville det betydd enormt mykje for klubben. Dette er ein fin sjanse til å gjere stas på Bergsøy og skape blest rundt klubben. Det skal uansett bli ein festdag, slår Sandanger fast.

Sesongstart i neste veke

Inntil vidare held sesongoppkøyringa fram i neste veke før det brakar laust mot Aalesund 2 fredag den 13. Bergsøy møter altså seriefavorittane allereie i fyrste kampen.