Ut på høyring – igjen

«Til lags åt alle kan ingen gjera», heiter det i uttrykket. I SSR-området er det ikkje enkelt å få kommunane til å samlast når forskriftene skal reviderast.

Einar Heimdal: Leiaren i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk må framleis vente ei stund før eigarkommunane har samla seg om dei nye forskriftene.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

For å få godkjent nye forskrifter er ein nemleg avhengig av grønt lys frå kommunestyra i alle dei fire eigarkommunane; Hareid, Ulstein, Herøy og Sande.

Bekymringsbrev

6. juni i fjor skreiv dagleg leiar Einar Heimdal ein e-post til kommunane, der han uttrykte bekymring over manglande framdrift i saka om forskriftsendringar:

– Vi har hatt ein forskriftsrevisjon gåande i nesten to og eit halvt år (...). Diverre har ikkje desse vedtaka vore like, og dermed har ikkje den reviderte forskrifta blitt vedteken enno.

Heimdal la her til at Herøy og Ulstein har likelydande vedtak, medan Hareid og Sande har kvar sitt vedtak.

– Det betyr at forskrifta frå 2010 framleis gjeld, skreiv Heimdal.

Det meste er likt i dei fire kommunane, men framleis er det uiikheiter når det gjeld innleiingstekst, om henting til fritidseigedomar, krav til køyreveg og nokre nyansar i teksten.

Førebur ny høyring

No førebur kommunane ny høyring av forskrifta, basert på det som vart vedteke av SSR sitt representantskap i mai 2017.

Vi har sett litt nærare på detaljane i saka. Mellom anna er det nytt at eigarar av fritidseigedomar kan bli tilbodne å levere avfall i felleskontainerar eller i nedgravde avfallsdunkar. Likevel heng framleis punktet om at fritidseigedomar «må vere alminneleg tilgjengelege» att i forskrifta. Dei kan soleis ikkje vere utanfor allfarveg.

Når det gjeld krav til køyreveg heiter det at SSR så langt råd skal tilpasse bilane til dagens vegnett. Likevel er det sjølvsagt klare krav til vegstandard og –vedlikehald.

Heilt nytt er det at SSR forkriftsfestar at kommunane ved planlegging av nye vegar eller oppgraderingar av eksisterande vegar (der SSR køyrer) skal prøve å tilpasse vegnettet til minimumsstandarden BK 8 eller høgare.

Nytt i forskrifta er det elles at henteordninga etterkvart vil omfatte andre fraksjonar enn dagens. Som kjent planlegg SSR å etablere ei ordning med henting av våtorganisk avfall.

I Sande kjem forskriftsendreinga opp som sak på det komande møtet i NTM-utvalet.