Prots og Tolvtetten i Herøy kyrkje komande søndag

(Innsendt)

Prots, altså Per Oddvar Hildre, fortel om livet sitt med SKRUK i kveldsmessa i Herøy kyrkje komande søndag. 

Nyhende

Per Oddvar Hildre, eller Prots som han oftast vert kalla, er gjest i Herøy kyrkje komande søndag kveld. Han er samtalegjest i kveldsmessa, og i samtale med Norunn Stendal Aksnes skal han fortelje om livsoppgåva si med SKRUK, om kva som har vore grunnlaget for dette engasjementet og om kva han har opplevd og lært saman med SKRUK. Han har også lova å lage eit stort kyrkjelydskor med dei som møter fram til kveldsmessa.

Tolvtetten skal bidra med song i kveldsmessa. Tolvtetten vart starta i 1981. Dei jobbar med musikk innanfor fleire sjangrar; frå jazz og pop til gospel og kyrkjemusikk. I dag er Unni Kvamme dirigent.

Kveldsmessa vert elles prega av mykje salmesong, avsluttande nattverd og etter messa er det som vanleg kaffi og drøs på kyrkjetorget.