Masse gjester på Hakallegarden

Det har vore ei god påske på Hakallegarden, der ei rekkje norske dialekter har svirra i solskinet.

Hakallegarden: Sol frå klår himmel og masse gjester frå heile landet. Slik var påska 2018. (Foto: Hakallegarden) 

Nyhende

– Det var eit rush av folk som kom skjærtorsdag, og slik heldt det fram til påska var slutt, seier Aina Moldskred Krakset.

Ho fortel at det var ei sjeldant god påske – besøksmessig – for den populære opplevingsgarden i Sandvika på Hakallestranda.

– Det er litt spesielt i påska. Då kjem det nemleg mykje folk på ferie til regionen, som har tilknyting og familie her i området. Det var i alle fall mange ulike dialekter å høyre mellom dei tilreisande, opplyser Krakset til Vestlandsnytt.

Hakallegarden vil framover halde ope kvar helg. Når skuleferien tek til, utvidar dei til å halde ope kvar dag. Gardsstyraren meiner mykje av årsaka til gode besøkstal skriv seg frå det flotte påskeveret.