Har ikkje funne eigna tomt

Herøy skal få ny brannstasjon, men tomta ser ut til å bli den same gamle ved Sjukeheimsvegen på Eggesbønes.

VIL RIVE: Kommuneadministrasjonen har ikkje greidd å finne ny brannstasjonstomt, og vil bygge på noverande tomt etter at den gamle brannstasjonen er riven.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Etter å ha vurdert fleire nye tomtealternativ har administrasjonen landa på å rive den gamle brannstasjonen for å bygge ny på same tomt. Det er tilrådinga til plan- og byggenemnda som i morgon får framlagt resultatet av jakta på ny bannstasjonstomt.

Tilrådinga frå administrasjonen bygger på ei økonomisk vurdering som konkluderer med at ingen av dei vurderte alternativa let seg realisere innanfor prosjektbudsjettet på 28 mill. kroner.

Vi har ikkje funne ei eigna tomt, dels fordi aktuelle grunneigarar anten har sagt nei til sal eller har stilt andre krav som ikkje er gjennomførbare innanfor prosjektbudsjettet, skriv rådmannen.

Kommunale tomter er òg mellom alternativa som har vore vurderte rundt om på Bergsøya. Det gjeld mellom anna Sjukeheimsvegen 10, der det i dag er omsorgsbustader og kommunalt aktivitetstilbod. Dette var det alternativet som fekk høgast poeng mellom dei fire alternativa som stod igjen til slutt.