Acta Auriga levert før tida

FØR TIDA: Acta Auriga blei levert frå Ulstein verft tre dagar før kontraktsfesta leveringstid. 

Nyhende

Acta Marine sitt nybygg, CSV/SOV-fartøyet Acta Auriga, vart levert frå Ulstein Verft 28. mars 2018, tre dagar før kontraktsfesta tid. Høg kvalitet og leveringspresisjon var avgjerande for Acta Marine då dei valde Ulstein Verft som byggeverft.

– Vi har fullført utrustinga av skipet på berre 19 veker, og er sikre på at Acta Auriga vil vere ein god arbeidsplattform for eigaren og klientane deira, seier Kristian Sætre, administrerande direktør i Ulstein Verft.

Fartøyet er utstyrt med skrogdesigna X-BOW og X-STERN. X-BOW er viktig når fartøyet skal gå mellom Eemshaven og vindparken. I møtande sjø vil X-BOW-en skjere gjennom bølgjene og redusere slag og vibrasjonar. Slike repeterande slag slit på kroppen, så dei mjukare rørslene i X-BOW-skipa har stor innverknad på trivselen om bord.

Systerfartøyet til Acta Auriga er planlagt for levering i andre kvartal 2019.