Langfredag var det storinnrykk av turgåarar på Rundefjellet

– På slike finvêrsdagar sit vi ikkje inne og slappar av

Det var knapt om parkeringsplassane i Goksøyra når påske-turgåarane gjorde sitt inntog på Rundefjellet på langfredag.
Nyhende

– Er det greitt at vi parkerer i innkøyrsla di?

Svein Egil Seterbakken har funne fram telefonnummeret til ein huseigar i Goksøyra. Etter å ha køyrt forbi ein stappfull parkeringsplass er dagens fyrste jakt starta. Kvar skal ein parkere?

– Vi får lov å stå her, smiler Svein Egil, og lastar bilen tom for turutstyr. Dei andre som sit i bilen gjer seg klare for tur.

Voldingar og Barstadvikarar

Med sine to søner har Svein Egil teke turen frå Barstadvika til Runde i det fantastiske påskevêret. Med seg har dei initiativtakar Heidi Brandal og hennar son Stian.

– Nei, på slike finvêrsdagar sit vi ikkje inne og slappar av, slår gjengen fast i det vi byrjar å bevege oss oppover fjellbakkane i Goksøyra.

– Og så var vi litt leie av å gå på ski, legg Heidi til og flirer.

Mykje folk

I bakkane på veg opp fjellsida møter vi turgåar på turgåar, i begge retningar. Ein har ikkje før fått sagt god påske før ein helsar ein ny person med same frase. Bak oss ser vi også folkehavet som er her, representert ved alle dei heller tvilsame patentane som er av parkeringar denne dagen.

– Her var veldig mykje folk, fortel gjengen som elles har hatt ei aktiv påske med skigåing og aktivitetar kvar dag.

Familiane er samde i at det er få ting som kan måle seg med sunnmørsk påskefeiring.

Eggjakt

Som om ikkje jakta på ei ledig parkeringslomme var nok, har dei unge i turflokken funne fram eit skattekart.

– Eg har vore her ein gong før, og når påskeeggjakta kom inn i biletet måtte vi berre ut på tur, seier Theo Aarseth Seterbakken i det vi når vegskiljet på fjellet. Gjengen må konferere med skattekartet dei har fått frå Runde miljøsenter. Etter litt peikar dei seg fram ein potensiell skattelokasjon bak nokre steinar lengre borte.

Dei tre unge gutane får blod på tann i det vi trur vi nærmar oss. Dei skyt fart, vekk frå stien og leitar etter noko utan om det vanlege. Yngstemann Theo finn egget og løftar det opp i eit sigersrop. Inn i egget finn dei sjokolade.

Ein ung fotografspire

Sjølv om skattejakta er over er turen ikkje over for dei to turglade familiane. No skal dei opp å sjå om Runde-fuglane nyt påskevêret som resten av turistane i fjellet. Ein som kanskje gler seg endå meir enn resten av gjengen er elleve år gamle Stian. Han har nemleg ei brennande interesse for foto.

– Det blir for det meste naturfotografering, og så har eg fotografert bunkerar frå krigen, fortel den unge fotografen og viser fram bilete som han har teke.

– Desse er frå Kvitneset, smiler han.

Guten fortel at han har drive med fotografering i om lag eit år.

– Når eg er ferdig med å ta bileta legg eg dei inn på datamaskina og redigerer dei litt.

Grunnen til at elleveåringen er flittig på eksponeringsknappen er av interesse, men viktigast er...

– Å bevare minner. Det er viktig for meg å forevige alle opplevingane eg har.

På veg oppover viser Stian oss bilete han har tatt ved kvar anledning han får.

Påskestemning i Lundeura

Etter å ha kome seg opp til den fantastiske utsikta på Rundefjellet endar turen for dei to familiane i Lundeura. Her blir turen og det nydelege vêret feira med appelsin og kvikklunsj blant fleire folk som også tek seg ei velfortent pause. Eit meir påskeleg minne skal ein vel leite lenge etter.