Fleire rorbuer ved Holmefjorden?

FRITIDSSATSING: I dette området på ytre Leine ønskjer grunneigarane å satse på bygging av rorbuer og hytter. 

Nyhende

Samtidig med det storstilte hytte- og rorbuprosjektet i Teigestranda på Nerlandsøy, er eit nytt prosjekt under oppsegling på andre sida av Holmefjordbassenget.

Herøy formannskap har gitt løyve til privat detaljregulering for Leite fritidsområde på ytre Leine. Der er det i kommuneplanen avsett eit område for fritidsbustader, og det er halvparten av dette landområdet B. Tarberg skal regulere på oppdrag frå grunneigarane.

For å skaffe meir utbyggingsareal er det framsett ønskje om å fylle ut om lag ti dekar sjøareal som ikkje er avsett til utbyggingsføremål. Eit anna ønskje går på ut på å senke høgda på den nye fylkesvegen i høve til det som er regulert. Med desse to hovudgrepa kan utbyggingsarealet aukast til knapt 20 dekar.