Bra besøkte kyrkjer

Det vert meldt om godt besøkte gudstenester i påska. Men fineveret vart nærast å rekne som ein «konkurrent».

Påska: Det er den viktigaste kyrkjelege høgtida, og det trekte godt med folk til kyrkjene også i år. Dette bildet er som mange kjenner til – tårnet i Herøy kyrkje. 

Nyhende

I Herøy kyrkje var det tradisjonell familiegudsteneste palmesøndag, og denne var svært godt besøkt, med ein auke samanlikna med tidlegare år.

– For resten av påska i Herøy kyrkje måtte vi dele på merksemda med det fine veret,og vi merka ein nedgang i besøket, seier kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø i Herøy.

Leikanger kyrkje hadde to gudstenester i påska, begge med ein auke i høve til før (palmesøndag/skjærtorsdag). Indre Herøy kyrkje hadde to gudstenester, og her var det samla besøket litt lågare enn ved påska i fjor, då det var tre gudstenester.

Kyrkjeverje Dorthe Mari Nordal i Sande hadde i går ikkje det eksakte talet på deltakarar, men oppsummerer slik:

– Det var til dels godt besøkte gudstenester her i Sande. Der det var barnedåpar var det sjølvsagt ekstra mange. Programmet var det tradisjonelle vi brukar å gjennomføre kvar påske, seier Nordahl.