Forholda ute i terrenget var tilnærma perfekte, med snøfritt og akkurat passe hardt underlag, etter at det har vore nattefrost i lengre tid. Og sola skein heile dagen, i tråd med vermeldingane.

Rosenlund, sentralt på Sandshamn, var tradisjonen tru base for sekretaritat, kafè og utgangspunkt for trimarrangementet som tydelegvis vert meir og meir populært.

Suverene løyperekordar

Gode forhold var truleg også medverkande til at det vart sett nye løyperekordar i konkurranseklassa. Ingrid Festø frå IL Gular vann dameklassa med tida 1.45.26, seks minutt betre den den gamle rekorden.

I herreklassa var heimefavoritten Eirik Voksøy Bringsvor igjen suveren. For femte året på rad var han først gjennom dei 15 kilometerane og sju toppane (1.000 høgdemeter totalt), og susa inn på tida 1.22.37, over sju minutt betre enn sin gamle rekord.

Det kom så mykje folk at ferja var full og måtte ta ein ekstratur til Åram for få utover alle. I tillegg vart ambulansebåten leigd inn for at logistikken skulle ordne seg.

På sjølve Sjutoppsturen var det om lag 600 deltakande i år. Nær eit hundretals påsketrimmarar valde å gå marsjen rundt Sandsvågen.

«Tomt i alle gryter»

- Det har vore ei tilstrøyming utan like. Fantastisk stor oppslutnad, sa leiar Anne Bjørg Bringsvor i Sandsøy IL då vi veksla eit par ord med ho på Rosenlund då arrangementet nærma seg slutten.

Då var det tomt i alle gryter, så langfredag sprengde ein kapasiteten både når det gjeld transport og i matavegen på «påskeøya».

Ein vrikka fot, litt gnagsår og anna småtteri var det Røde Kors måtte handtere denne gongen. Det var med andre ord ein suksess også her.