Kattugle

Det er få skapningar som har slik ein sentral stad i norsk overtru.

Ein stor fugl flaksar gjennom nattelufta på jakt etter byttedyr. Vengane lagar ingen lyd, og fuglen forsvinn i mørket så raskt at du står igjen og lurer på om det heile var innbilling.

Overtrua stod sterkt rundt ugla i tidlegare tider

Nyhende

Det er få skapningar som har slik ein sentral stad i norsk overtru.

Kattugla er talrik langs heile kysten nord til Trondheimsfjorden. Tradisjonelt ser vi stor variasjon på mengd hekkande par ugler frå år til år, ettersom dei er avhengige av tilgangen på bytte.

Dette er ikkje tilfelle hos kattugla, som i tillegg til gnagarar og småfugl også jaktar mark og insekt. Dette gjer at ho kan hekke også i år med lite tilgang på tradisjonell uglemat.

Som ugler flest er kattugla nattaktiv og sky og dermed sjeldan å få auge på. På dagtid held ho seg oftast skjult inntil ein trestamme. Om nettene kan du derimot oppleve hennar karakteristiske «hohoho». Spesielt på våren blir ho verbalt aktiv, men ho kan også høyrast resten av året.

Ein jeger skjult av natta

Kattugla sine store svarte auge har ført til at mange meiner at ho har eit nattsyn som svarar til så mykje som 10-100 gangar vårt eige. Dette er noko usikkert, men vi trur framleis at ho, saman med hubroen, har det beste nattsynet blant uglene.

Uansett er høyrselen hennar essensiell under jakt. Ansiktsforma hennar førar lyd til to asymmetrisk plasserte øyrer. Det vil seie at det eine øyret sit lenger nede på hovudet enn det andre. I tillegg er dei ulikt vinkla og har ulik storleik. Dette gjer at ho kan peile seg nøyaktig inn på ei mus som bevegar seg nede på skogbotnen, berre ved hjelp av høyrselen.

Myteomspunnen fugl

Fjøra til kattugla har ei pelsliknande overflate som hindrar passerande luftstraumar i å lage lyd.

Dette gjer ho er heilt lydlaus når ho jaktar. Kombinert med det menneskeliknande ansiktet har ho skapt frykt blant mange nordmenn som har ferdast åleine ute i nattemørket.

Overtrua stod sterkt rundt ugla i tidlegare tider. Blant anna trudde ein at dersom ho sat ved ein gard, ville nokon i husstanden snart døy. I seinare tid har ryktet hennar snudd heilt om, og takka vere barnebøker og –filmar assosierer mange kattugla i dag med klokskap.