Bakken var tidlegare CEO i Farstad Shipping ASA, og har i heile sin karriere vore knytt til den maritime næringa på Sunnmøre.

- Vi er veldig fornøgde med å kunne presentere ein så dyktig og erfaren CEO, seier styreleiar Ole Heggheim i Remøy Group.

Bakken er utdanna sivilingeniør fra NTH, og jobba i Ulstein-konsernet før han i 1999 gjekk over til Farstad Shipping ASA i jobben som marknads- og operasjonsdirektør og deretter som CEO frå 2006 og fram til reiarlaget fusjonerte med Solstad i juni 2017.

- Eg gler meg til å ta fatt på arbeidet i Remøy Shipping, og ser fram til å jobbe i ein utfordrande marknad saman med dyktige medarbeidarar både på sjø og land, seier Karl-Johan Bakken. Reiarlagsmiljøet på Sunnmøre skal utvikle seg vidare i tråd med den komande marknadsutviklinga i havrommet, og eg ser fram til å bidra i det arbeidet med utgangspunkt i Remøy Shipping, heiter det i pressemeldinga.

CEO Karsten Sævik blir i jobben som administrerande direktør inntil nærare avtale vert gjort, og vil også vere tilgjengeleg i ein overgangsperiode.