Går alt etter planen, står anlegget ved Sandsøya klart for utsetting av smolt i 2019. Etableringa inneber både arbeidsplassar og klingande mynt i kassa for Sande kommune.

Oppdrettsgiganten stilte med fire representantar då planane vart lagde fram for kommunen tysdag. Først var det møte med administrasjonen, og deretter var det formannskapet som fekk eit innblikk i planane.

Ikkje anlegg i Sande i dag

Marine Harvest har i dag 226 konsesjonar frå Agder i sør til Troms i nord, samt 1.600 tilsette. I vårt område er selskapet sterkt gjeldande, med slakteriet/pakkeriet på Eggesbønes, samt nærliggande oppdrettsanlegg som ved Bjørlykkestranda og ikkje minst på Voldneset i Herøy.

Dei seinare åra har det ikkje vore oppdrettslaks i sjøen i Sande, etter at selskapa på Sandsøya/Voksa gjekk over i hendene på større konsern.

Likevel er det slik at både dei to verfta i Sande, samt bedrifter som PlaNy og Brimer, er tungt inne i oppdrettsnæringa.

Mellom Marøya og Sandsøya

– I dag er næringa langt meir industrialisert enn før, både i drift og teknisk utstrekking, sa miljø- og myndigheitskoordinator Arne Kvalvik i Marine Harvest.

Lokalt gir arealplanen til Sande kommune fleire opningar for lakseoppdrett. I dette tilfellet ser ein føre seg ein lokalitet i fjorden mellom Marøya og Sandsøya. Dagens krav, ikkje minst til fortøyingar i alle retningar, gjer at ein må dispensere noko frå arealplanen.

– Vi spelar med heilt opne kort og vil ha ein god dialog med alle interesser i tida framover, seier Kvalvik til Vestlandsnytt. Han ser føre seg at til dømes fiskeriinteresser og grunneigarar nærleiken vert tekne med på sonderingsmøte. Mellom anna skal det vere eit rekefelt i nærleiken, utan at anlegget i fylgje Kvalvik vil påverke dette negativt.

I formannskapet orienterte også driftsleiar Knut Olav Skare om planane. Voksingen leier i dag anlegget ved Bjørlykkestranda, der ein har ei årleg biomasse på 5.460 MTB tonn laks. Det er seks tilsette og ein lærling ved anlegget. Ein tenkjer seg om lag same dimensjonen på det som kjem søraust for Sandsøya.

Lakselus, røming og andre utfordringar vart det også informert om. Når det gjeld lus, sa Skare at leppefisken, i stor grad produsert av Marine Harvest sitt eige anlegg i Vanylven, er den beste luseutryddaren.

Positive politikarar

Ordførar Dag Vaagen (H) kunne ikkje gje nokon lovnader, men signaliserte tydeleg positiv interesse:

– Det er veldig spennande planar Marine Harvest kjem med, og faktisk er det også litt nautrstridig at det ikkje er slike anlegg i Sande, sa Vaagen. Han slo fast at den positive dialogen no er igangsett, og håpa samstundes på god politisk oppslutning kring planane.

– I tillegg er sjølvsagt inntektene slikt genererer til kommunen noko vi ser med interesse på, sa han.

Då formannskapet samla seg etterpå kom det også fleire positive signal.

Arnljot Muren (Ap) minna om den interkommunale kystsoneplanen som er i det avsluttande arbeidet, og meinte interessene kanskje kolliderer litt her. Men generelt uttrykte han glede over planane.

Det same gjorde varaordførar Helge Støylen (Sande vest), som meinte kommunen bør gjere det ein kan for å få anlegget med i kystsoneplanen og sikre at etableringa vert ein realitet.