Det slår fylkesdirektør Stein Veland fast i siste månadsmelding frå NAV.

Veland viser til at i desse tre kommunane er delen langtidsledige høgare enn i resten av fylket. I Herøy har 36 prosent, i Ulstein 38 prosent og i Hareid 40 prosent av dei som for tida er arbeidsledige gått utan arbeid i meir enn eit år. Tilsvarande for fylket er 30 prosent.

Mars gav berre små endringar i arbeidsløysa på Søre Sunnmøre, med 12 fleire arbeidsledige i Volda som den største endringa i høve til månaden før.

Vanylven, Ulstein og Ørsta var dei som hadde ein nedgang i mars, medan tala var uendra eller litt opp i dei andre kommunane. Til saman fekk Søre Sunnmøre ti fleire arbeidsledige i løpet av mars månad.

Hareid og Herøy ligg framleis på topp i fylket med høvesvis 4,8 og 4,5 prosent av arbeidsstyrken utan arbeid. Snitten for fylket er på 2,6 prosent.