-Det er rett at vi har sett i gang ein prosess med sikte på å redusere den faste bemanninga i fabrikken. Men enda er det for tidleg å konkludere kva vi endar opp med, seier fabrikksjef Sølve Kiviranta.

Greier seg med eitt skift

Ifylgje Kiviranta har fabrikken hatt ei veldig positiv kapasitetsutvikling dei siste par åra, og produserer no mykje meir på eitt skift enn det dei gjorde før.

-Til no har vi for det meste hatt to skift i sving, men vi ser etter kvart at behovet for eit skift nummer to har minka så mykje at vi kan køyre eitt skift mesteparten av året, seier han.

Ei ebmanningstilpassing til eitt skift vil ifylgje fabrikksjefen ikkje berre redusere behovet for innleigd arbeidskraft. Det vil også måtte gå ut over den faste bemanninga.

I dag er det knapt 200 fast tilsette i produksjonen, men Kiviranta kan ikkje talfeste kor mange dei vil greie seg med med overgang til eitt skift.

– Uansett blir det feil å gå ut med noko tal i ein situasjon der vi driv og drøftar med organisasjonane og dei tilsette, seier han.

Det har vore halde informasjonsmøte med dei tilsette som har fått presentert bedrifta sine planar for bemanning framover.

Krav til lønemd

Kiviranta seier han har forståing for at når eigarane har valt å satse slik dei gjer på Eggesbønes, vil det også bli stilt strenge krav til lønsemd. Dermed må bemanninga tilpassast det behovet ein har til ei kvar tid.

Satsinga viser mellom anna igjen på det nye avlivingsanlegget som nyleg vart køyrt i gang i eit heilt nytt bygg på fabrikken.

Meir utviding på gang

I tillegg er det gjort vedtak om nye utvidingar som vil påverke bemanningsbehovet ved fabrikken. Mellom anna skal kassetransporten automatiserast enda meir enn tilfellet er i dag, og bygging av eit nytt og større kjølelager står også for tur til å bli gjennomført.

Kviranta fortel at det i samband med bygging av det nye kjølelageret blir vurdert å utvide arealet rundt fabrikken.

-Herøy kommune har vore behjelpeleg med å skaffe oss meir areal, og det trur eg kan føre mykje positivt med seg på sikt, seier han.