– I denne bransjen svingar det ein del. Nokre år er det svært mykje som skal skje, andre gongar noko mindre. Akkurat no er det eit skikkeleg rush med ferdiggjering av fleire båtar samstundes.

Det seier plassjef Inge-Jonny Hide ved Myklebust Verft.

Gitte Henning og slaktebåt

I dokka på Vågsneset låg ved starten av veka nye Gitte Henning, dansk pelagisk trålar/snurpar på over 90 meters lengde. Dette er opphavleg ein kontrakt som skulle gjennomførast av Myklebust Verft, men på grunn av stor oppdragsmengde vart jobben flytta til systerverftet Kleven Verft. Gitte Henning skal leverast i mai.

Framfor Gitte Henning i dokka (sjå bildet) ligg bygg 388, Aqua Merdø, eit nyutvikla lakseslaktefartøy til Dess Aqua som òg skal bli ferdig i mai.

Challenger og trålarar

Inst på den nordre kaia ligg velkjende Olympic Challenger som verftet mellom anna har hatt i dokk og no utfører ein del ettermarknadsarbeid på. Denne jobben skal vere ferdig før påske. Langs den synste kaia ligg dei to trålarane, bygg 395 Emeraude (blå) og bygg 396 Kirkella (gul) som skal leverast til høvesvis franske og engelske reiarlag.

– Dei er nummer tre og fire i ein serie på fire like trålarar som vart kontrahert hos Kleven-konsernet. Emeraude er ferdig med alle sjøprøver. Det som står att er sluttføring og testing av den store fabrikken om bord. Her ventar vi på dei siste avklaringane med reiarlaget og truleg vil vi vere klar til å levere medio april, seier Hide.

To hybridferjer

Siste trålaren har frist for levering innan utgangen av mai. Og til slutt på oversiktsbildet, nærast til høgre, ser vi skroget til den første av to like hybrid-ferjer som skal leverast til Fosen Namsos Sjø i november i år. Skroget til det andre fartøyet er i full produksjon i Polen og vil kome til Gursken i mai.

– Desse ferjene er dei første nybygga der Myklebust Verft er invlolverte i fartøy som nyttar batteriteknologi, seier plassjefen til Vestlandsnytt.

Pug-in hybrid-systemet inneber at ein betydeleg del av ferjene sitt energiforbruk kjem frå heilautomatisk lading når dei ligg ved kai.

Ved Myklebust Verft har ein bygd ferjer før. MF «Tysfjord» vart bygd på Vågsneset i 1993, og tre år tidlegare vart MF «Stavanger» bygd same stad.

– Elles er dokka stort sett fylt opp med ettermarknadsoppdrag og eigne dokkingar fram til ferien. Vi jobbar med å selje det vi har av ledig kapasitet utover hausten og seinare. Ettermarknaden har vore og vil vere svært viktig, seier Hide.

Myklebust Verft har ikkje lenger horisont for nybyggingar enn fram til slutten av inneverande år, når dei to ferjene som skal trafikkere Flakk-Rørvik vert overleverte. På kort sikt vil reparasjonar og ombyggingar difor bli viktigare fram til det kjem fleire utrustingsoppdrag.

– Det vert sjølvsagt jobba kontinuerleg for å skaffe fleire ordrar, men eg kan ikkje seie noko meir enn det, seier Hide.

Konkurs fekk fylgjer

Tidlegare i vinter gjekk det polske selskapet BSR Group konkurs. Dei var underleverandør til Molde-selskapet R & M Ship Interior AS, ein av Myklebust Verft sine hovudkontraktørar.

– Slike hendingar er alltid trasige for alle involverte, og anten vi vil eller ikkje påverkar det også verftet. I dette tilfellet fekk vi rundt to vekers stans på ein del aktivitetar om bord på eit par av prosjekta. Det er litt av grunnen til at det hopar seg litt opp med ferdigstillingar i desse dagar, seier Hide i ein kommentar til konkursen.