DNB sa i dag ja til å vere byggelånsbank for Vågsholmen AS sitt leilegheitsprosjekt på Vågsholmen i Fosnavåg.

Dermed vil det bli byggjestart rett over påske for prosjektet som skal gi 21 nye leilegheiter ved innseglinga til Fosnavåg hamn.

-Dette er veldig bra, og svært viktig for utviklinga av Fosnavåg sentrum, seier ordførar Arnulf Goksøyr.

Skjerpa krav

Ifylgje Sindre Thorseth i Prosjektbygg As har det den siste tida vore jobba mykje med å få på plass finansieringa av prosjektet som har ein prislapp på 110 millionar kroner.

Ein del av leilegheitene er det allereie gjort avtale om sal på, men så langt har utbyggjarane ikkje greidd å innfri dei nye og skjerpa krava til førehandssal av leilegheiter som bankane no opererer med.

-DNB kom til at dei ville slakke litt på krava, og dermed har vi no fått grønt lys til å gå i gang, seier Thorseth.

Med byggestart rett over påske reknar Thoseth med at dei fyrste leilegheitene vil vere klare til innflytting til sommarferien neste år.

-Brua skal på plass

Til den tid håper han at også at det nye gangsambandet mellom Vågsholmen og sentrum skal vere på plass etter dei nye planane for svingbar bru over den smalaste delen av hamneløpet. Eit slikt sambandet har vist seg å vere svært viktig for folk som vurderer å etablere seg på Vågsholmen.

-Vi skal jobbe aktivt, ilag med utbyggarane, med sikte på få etablert brusambandet. Det har formannskapet sagt vi skal, og då skal vi det, lovar ordførar Goksøyr.

Vågsholmen As, som står bak prosjektet, er eigd 50/50 av Prosjektbygg As og Eggesbø Eigedom As.