Kvelden har lagt seg over River Plate stadion i Gursken. Flaumljosa vert tende og fotballspelarane til Larsnes Gursken set i gong med treningsøkta si.

– Ja, det går no bra dette. Vi har hatt litt utfordringar med tanke på verforholda og nokre avlyste treningskampar, men trass i det har vi hatt ei grei oppkøyring så langt, seier Anders Vaagen, i det han kjem ut på bana.

Den spelande trenaren kan kunngjere at den fysiske forma byrjar å sitte for spelarane, og at dei no er i gang med å terpe på sjølve spelet.

Mange like spelarar

Med ein spelarstall som forhåpentlegvis kjem til å ligge på 16–17 spelarar, er laget i år samansett av både rutinerte spelarar, men også nokre nye tilskot.

– Vi har mista nokre gode spelarar, men samstundes fått inn nokre gode nye, forklarar Vaagen. Som eit døme viser han blant anna til Andreas Rekdal som er attende i Larsnes/Gursken drakt, og som også trenar laget.

Ei utfordring med laget er kanskje at det i år er mange like spelarar i staben. Som Vaagen sjølv peikar på, er det mange midtstopparar og sentrale midtbanespelarar på laget. Det gjer at ein kanskje ikkje har den optimale breidda.

– Men vi skal klare oss. Vi har ei god stamme i laget med gode spelarar, smiler han.

Vaagen håpar også at dei får plass til nokre spelarar til utan å røpe for mykje kring det.

Vanskeleg å spå

På spørsmål om han vil kome med nokre spådommar for sesongen får vi som svar at det ikkje er lett å spekulere i.

– Det er vanskeleg å seie korleis vi kjem til å hevde oss i serien. Vi har hatt ein treningskamp mot Ørsta som ikkje var så god, men vi håpar vi skal vere med å forsvare plassen vår i divisjonen.

Dette blir målet for sesongen, fortel Vaagen.

Opnar mot Rollon

Den fyrste sesongkampen kjem til å stå mot Rollon den 13. april.

– Denne kampen trur eg kan bli jamn. Vi har ulike spelarstilar der dei er meir direkte og vi er meir ballbesittande.

Kanskje er akkurat dette noko laget må jobbe med å endre, føreslår Vaagen, og legg til at laget kanskje bør verte litt meir kyniske i spelet.

Uansett ser gjengen fram til sesongstart og håpar det ikkje blir mange skadar og karantene, for det kan endre på ting, avsluttar Vaagen.