Slik konkluderer kommuneadvokat Reidar Andresen etter å ha gjort ei lovlegheitsvurdering av det omstridde vedtaket som blei fatta for meir enn eit år sidan.

Saka blei sendt kommuneadvokaten etter at fyrst kontrollutvalet, og deretter Fylkes- mannen, ikkje ville vurdere den juridiske sida av vedtaket. Fylkesmannen si grunngiving var at klagefristen var overskriden.

Etter ein gjennomgang av sakskomplekset har kommuneadvokaten festa seg ved fleire punkt i saka som han meiner gir grunn for å kjenne vedtaket ugyldig. Vedtaket er i strid mot fleire punkt i retningslinjene for RDA-midlar, og kjem dessutan i konflikt med EØS-reglane om støtte frå det offentlege, konkluder Andresen.

Slik Andresen ser det, er det mellom anna god grunn til å stille spørsmål både om moloen det er vedteke tilskot til er eit bedriftsretta tiltak, og om støtta på to millionar er så omfattande at det kan oppfattast som urettmessig konkurransevridande. Til det siste skriv kommuneadvokaten mellom anna:

Det er ifylgje kommunen andre småbåtlag i området som kan vere konkurrentar når det gjeld sal av båtplassar med meir, og i forhold til desse blir det konkurransevridande å gi støtte i slikt omfang til berre ein aktør, som kan generere inntekter på kostnad av andre.

Vedtaket om å gi det omstridde tilskotet blei gjort av den kommunale næringskomiteen på komiteen si tredje behandling av saka. Styret i Herøy næringsforum har heile vegen vore avvisande til søknaden. Det var ein klage frå styreleiaren som låg til grunn for at komiteen sitt vedtak blei snudd frå negativt til positivt ved den tredje behandlinga.

Etter kommuneadvokaten si vurdering, kunne klaga ha vore avvist då styreleiaren åleine ikkje hadde rettsleg klageinteresse i saka.

Kan bli erstatningspliktig

Slik kommuneadvokaten ser det bør Jensholmen Nord no varslast om at kommunen vurderer å gjere om vedtaket, slik at dei får høve til å kome med ein uttale.

Andresen peikar på at ei omgjering av vedtaket kan gjere kommunen erstatningsansvarleg overfor båtlaget om det kan bevisast at båtlaget har lide tap som følgje av det ugyldige vedtaket.