-Det økonomiske resultatet er tilfredsstillande med bakgrunn i selskapet sitt mål om å bli meir kostnadseffektivt over tid, seier adm. dir. Rune Kiperberg i ei pressemelding.

Samla driftsinntekter i 2017 enda på 573 mill. kroner, mot 754 mill. kroner året før. Årsresultatet gjekk ned frå 171,9 mill. kroner i 2016 til 103,9 mill. kroner i fjor.

Desse tala må sjåast i samanheng med at selskapet i 2016 kunne inntektsføre ei eingongstildeling av kompensasjon som følgje av fusjonen mellom Tussa og Tafjord på 92 mill. kroner.

Ei større endring i 2017 var skiljet av monopolverksemda og den konkurranseutsette verksemda i Mørenett. Delar av verksemda blei fisjonert til BKK Enotek, noko som gav ei finansinntekt på om lag 50 millionar.

Høg aktivitet

Kiperberg viser til at Mørenett er inne i ein fase med store investeringar i både regional- og distribusjonsnettet, og 183 millionar kroner blei brukt til ulike nettinvesteringar i 2017.

Ifylgje Kiperberg er Mørenett open for å sjå på samanslåing med naboselskap med sikte på danne meir robuste selskap.

-Dette vil vere rette vegen å gå, og vil tene både kundar, eigarar og tilsette, seier Kiperberg.

Mørenett om lag 65.000 kundar i distribusjonsnettet på søre og nordre Sunnmøre. I 2017 leverte selskapet 1.751 GWh til sluttbrukarane, mot 1.742 GWh i 2016.