Den unike serveringsstaden på Skotholmen opna dørene 2. juli 2016.

Sidan den gong har det vore over 5.000 besøkande på staden som har fått svært gode tilbakemeldingar både på beliggenheit, lokalitetar og mat.

– Vi har mykje spennande på gang, og opplever mange spørsmål frå publikum, ikkje minst om kva tid vi held ope, seier kjøkensjef Magnus Bergseth til Vestlandsnytt.

No i påska held Skotholmen ope ved tre høve, og framover våren vert det høve til bestillingar både for lukka lag, og når det gjeld arrangement i regi av Skotholmen-drivarane sjølve.

– Etterspurnaden er aukande i takt med at tilbodet har blitt meir innarbeidt Det gjeld ikkje berre her i våre kommunar, men frå interessentar i store delar av Nordvestlandet, seier ein optimistisk Magnus Bergseth.