– Det er kjempekjekt å vinne fylkesfinalen, seier dei tre i kor dagen derpå etter at dei onsdag ettermiddag svara seg til siger i fylkesfinalen i det direktesende spørjeprogrammet Klassequizen på NRK.

I alt var det fire skular som kjempa om å bli best i Møre og Romsdal. Finalen stod mellom Halsa, Helland i Vestnes, Volda og Ytre Herøy. Av dei fire var det Ytre Herøy og Halsa som vann.

Ikkje spesielt nervøse

Ingen av dei tre seier dei var spesielt nervøse.

– Vi prøvde å bevare roa og fokusere på spørsmåla, for dette var noko vi ville vinne. Nervane gjekk liksom litt i gløymeboka, fortel Viljar.

Med seg i ryggen hadde elevane med seg heile tiande-trinn frå YHU som heiagjeng.

– Eg hadde eigentleg ikkje store forventningar fordi eg ikkje ville bli skuffa om det gjekk andre vegen, men vi klarte det og det var ei positiv oppleving, seier Even.

Uavhengig av nervane kan dei tre fortelje at det var vanskelege spørsmål dei blei stilte.

Utfyller kvarandre

Bak sigeren ligg det litt trening, men det er ikkje hovudgrunnen for at det var dei som klarte å vinne, resonnerer elevane seg fram til.

– Vi kan forskjellige ting og har ulike styrkar. Eg er god på allmennkunnskap, Viljar er sterk på fotball og sport, medan Even kan alt om bilar, fortel Martine.

Dei er samde i at dei utfyller kvarandre greitt og at dette nok er den største grunnen til at dei klarte å svare rett på 8 av 12 spørsmål i fylkesfinalen.

Trekt ut

Måten akkurat desse elevane vart valde ut er ganske tilfeldig, fortel dei, då det var trekning mellom elevane på tiande trinn. Dei tre synest det er fint å kunne representere skulen og er takksame for at dei har resten av tiandeklassene i ryggen.

Til nasjonal finale

Dei to fylkesvinnarane fekk 5000 kroner kvar i premie. Dei får også ein tur til Oslo, der dei blir Møre og Romsdal sine representantar i den nasjonale finalen. Selda Ekiz er leiar for programma på NRK1 fem laurdagar i april og mai. I fjor hadde den nasjonale finalen 800 000 sjåarar.

– Det kjem kanskje til å bli litt meir stress når vi kjem til Oslo, seier Martine om den komande nasjonale finalen.

På landsplan får årets skarpaste tiandeklassingar eit trofé, og besøk av mP3 og Martin Holmen (programleiar) på skulen sin.

På spørsmål om det blir noko spesiell førebuing til finalen lettar dei tre litt på skuldrene.

– Det er litt vanskeleg å førebu seg til slikt. Vi veit eigentleg ikkje kva som kjem.

Det er sjette gongen NRK arrangerer Klassequizen. I løpet av vinteren har elevar frå førti skular i Møre og Romsdal kjempa på radioen om å bli fylkets smartaste tiandeklassingar.

Dei tre seier at dei ikkje føler presset av å skulle representere heile fylket saman med Halsa, men at det sannsynlegvis kjem til å kome etter kvart.

Stolte lærarar

– Vi er imponerte og stolte. Dette er elevane sin siger. Vi er her for å legge til rette for dei, men sigeren er deira forteneste, skryter trinn-leiar Preben Hestad. Han peikar på at dette er ein siger for alle elevane på YHU.

I regi av NRK fekk klassene til finalistane også omvising på Norsk Maritimt Kompetansesenter, før finalen gjekk av stabelen. Hestad håpar denne dagen har gitt ein siste «boost» for elevane då eksamenssesongen står for døra.

– Det var ein veldig inspirerande dag for trinnet, seier Preben om dagen.