I alt var det fire skular som kjempa om å bli best i Møre og Romsdal i fylkesfinalen i Klassequizen på NRK. Finalen stod mellom Halsa, Helland i Vestnes, Volda og Ytre Herøy. Av dei fire var det Ytre Herøy og Halsa som vann.

Til nasjonal finale

Dei to fylkesvinnarane får 5000 kroner kvar. Dei får ein tur til Oslo, der dei blir Møre og Romsdal sine representantar i den nasjonale finalen. Selda Ekiz er leiar for programma på NRK1 fem laurdagar i april og mai. I fjor hadde den nasjonale finalen 800 000 sjåarar.

På landsplan får årets skarpaste tiandeklassingar eit trofé, og besøk av mP3 og Martin Holmen (programleiar) på skulen sin.

Det er sjette gong NRK arrangerer Klassequizen. I løpet av vinteren har elevar frå førti skular i Møre og Romsdal kjempa på radioen om å bli fylkets smartaste tiandeklassingar, dette skriv NRK i ei pressemelding.