Det blei ikkje noko av det tillyste rettsmøtet der Søre Sunnmøre tingrett skulle ta stilling til konkurskravet mot sjømatbedrifta Sunsea Seafood på Moltu. Tingretten skulle behandle kravet onsdag føremiddag, men måtte utsette behandlinga på grunn av ein formell feil.

Årsaka til utsetting var at lensmannen ikkje hadde greidd å forkynne kravet for styreleiaren i selskapet innan fristen som gjeld for slike saker.

Konkurskrav skal forkynnast seinast 48 timar før rettsmøtet startar. Det hadde lensmannen ikkje greidd i dette tilfellet, får vi opplyst frå tingrettsrettsadministrasjonen i Volda.

Ifylgje Erik Råd Herlofsen kan nytt rettesmøte blir tillyst allereie i påskeveka.

Herlofsen representerer dei fire selskapa som har eit samla krav mot Sunsea Seafood på til saman om lag 18 millionar kroner.