Om våren og litt ut på sommaren er det hannane som er vanlegast å få auge på når dei pilar rundt på utkikk etter damer. Når dei har gjort sitt er det piggsvinmor og ungar som stort sett er ute på tur.

Om sommaren er det mange som plagast med sniglar og insekt som et opp hagen. Då kan det vere kjekt å få eit piggsvin på besøk. Det er nemleg få ting som er like appetittleg for eit piggsvin som ein feit snigle.

På denne tida av året vil piggsvinet vere travelt opptatt med å byggje opp feittreservane for vinterdvalen. For å hjelpe kan du leggje kvistar og rusk i eit stille hjørne av hagen.

Dette vil være ein tiltrekkjande bustad for piggsvin, og til gjengjeld kan det vere dei piggete gjestane blir verande i hagen som skadedyrkontroll i fleire sesongar.

Finn du eit lite piggsvin på seinhausten som veg betydeleg under 900 gram, treng det hjelp. Då har det ikkje nok feitt til å overleve vinteren.

Du kan anten sjølv ta det i hus, eller du kan kontakte «dyrebeskyttelsen» eller «pinnsvinhjelpen».

Farefullt liv

Sjølv om piggsvina er små er dei relativt robuste skapningar. Når dei føler seg trua krøllar dei seg saman til ein ball med 6000 sylskarpe piggar på 2,5 cm strittande mot fienden.

I tillegg til pansringa har piggsvina utvikla eit spesielt protein som gjer dei immune mot gifta til hoggormen. På grunn av dette hender det at piggsvin tek livet av og et hoggorm.

Men ingen av desse forsvarsmekanismane er effektive mot farane vi menneske utgjer. Kvart år er det eit utal piggsvin som bøter med livet på motorvegen. Har du køyrt på eit dyr er du pliktig til å hjelpe. Dette gjeld også sjølvsagt piggsvin, sjølv om det ser ut til at mange ignorerer dette. Eit påkøyrt piggsvin er ikkje nødvendigvis dødt, men vil då sannsynleg ha store smerter og vere i sjokk. I så fall skal du bringe det til veterinær. Dei er pliktige til å hjelpe, utan at det skal gå økonomisk utover deg. Dersom du er sikker på at piggsvinet er dødt bør det flyttast ut av vegen. Ikkje berre utgjer det eit unødig syn for andre trafikantar, men det tiltrekkjer seg også rovdyr som sjølve står i fare for å bli påkøyrde.