- Det er ikkje noko konkurskrav vi tilsette har sett fram, men vi ser ikkje bort frå at det er slik det kjem til å ende, seier Bjarne Moltumyr i spissen for 28 tilsette ved Moltu-bedrifta SunSea As.

Bak kravet står fem tilsette som verken har blitt permitterte eller fått utbetalt løn sidan før jul i fjor. Det einaste dei har fått, er tretti prosent av desemberløna. Resten av dei 28 tilsette er permitterte og har motteke dagpengar frå NAV sidan midten av januar. Desse permitteringane gjeld til utgangen av mars.

Til forliksrådet

Etter å ha framsett lønskravet to gonger direkte til bedrifta, gjekk dei tilsette i går til lensmannen som vil ta saka vidare.

-Neste steg blir forliksrådet, og så får saka gå sin gang, seier Moltumyr.

Moltumyr fortel at han, og dei fire andre som ikkje er permitterte, har møtt på jobb frå produksjonen blei stansa i mid- ten av desember og fram til no.

-Vi har gått og venta på at der skulle kome fisk, og sett fram til at produksjonen skulle kome igang igjen slik leiinga har lova, seier han.

Konkurskrav

Samtidig med dei tilsette sin kamp for å få utbetalt uteståande løn, har ei gruppe kreditorar gått i samla flokk til ting- retten. Deira krav er retta mot SunSea Seafood As, som er eit anna selskap i same systemet.

Skuldar 18 millionar

Kravet om konkurs, som er framsett av selskapa Platina Seafood, North Sea Seafood, Kjellsea og Selected Seafood, er framlagt for Søre Sunnmøre tingrett som skal behandle saka i morgon.

Ifylgje advokat Erik Råd Herlofsen, som representerer dei fire kreditorane, dreiar det seg om eit samla krav på om lag 18 millonar kroner.

- Dette gjeld fisk dei ikkje har fått betaling for, seier Herlofsen til Vestlandsnytt.

Omfattande dialog

SunSea Seafood sin advokat, Bjarte Ambø, kan ikkje seie noko om selskapet sine mulegheiter til å unngå konkurs.

-Det har vore ein omfattande dialog og mykje forhandlingar. Om dei no vil dra det heilt ut, eller prøver å presse oss, det er eg ikkje sikker på, seier han.