– Årsaka til den nye høyringa skriv seg ikkje frå feil i framlegget frå i fjor, men unøyaktigheiter i det opphavlege kartet frå vedtaket som vart gjort ved kongeleg resolusjon i 1988, seier saksbehandlar Ola Betten ved Fylkesmannen sitt kontor.

Han kjenner til Sande kommune sitt innspel som vart sendt inn då ei justering av reservatgrensene var ute på høyring i fjor vinter. Likevel er det ikkje gjort endringar i framlegget som imøtekjem selskapet sitt ynskje om å få bruke heile si regulerte tomt.

Går gjerne i dialog

– Kommunen sitt forslag når det gjeld området like nord for Sandsøy Servicebåt sitt anlegg ville ha lagt beslag på mykje av verneområdet, slår Betten fast.

– Men i det nye forslaget gjeld framleis den same streken nord for næringstomta?

– Det stemmer. Og vi går gjerne i dialog med Sandsøy Servicebåt og imøteser innspel i prosessen. Det er også noko av bakgrunnen for høyringa, seier Betten til Vestlandsnytt.

Han legg til at grensene i reservatet er trekte utanom alle bygningar.

Sandsøy Servicebåt har heile vegen meint at grensene for naturreservatet feilaktig er trekte inn i deira eigedom. Det vanskeleggjer nysatsing og utviding av anlegget, i det som er ein av få veksande bedrifter i ytre del av kommunen.

– Selskapet har også ekspansjonsmoglegheiter mot aust, vest eller sør, peikar Betten på.

– Finn oss ikkje i dette!

Styreleiar Inge Bringsvor i Sandsøy Båtservice AS seier dei er svært skuffa over den nye utviklinga i saka, etter at det først vart gitt positive signal frå Miljødirektoratet om at det skal vere mogleg å få ei løysing.

– Vi har tidlegare i prosessen kravd at det må settast inn ny saksbehandlar i grenseprosessen, og opprettheld det kravet. Det ser ut til å ha gått prestisje i saka frå Fylkesmannen si side, seier Bringsvor.

Han står fast på at bedrifta er utsett for eit overgrep frå styresmaktene si side, med feil grenser høve til det som opphavleg var avtalt og opptrekt.

– Vi krev at dei opphavlege grensene vert påviste og fastsette digitalt, på staden, avsluttar Bringsvor.