Etter fleire månader med øving var endeleg musikalen klar. Den har som tema å vise kjenslene og tankane rundt det å vere ungdom. Bandet «Sjøverk» innleia med låten «Take Me Out» og vi blei vi sende rett inn i skulekvardagen til ungdomane. Vi er i eit klasserom der læraren minna elevane på at det snart er eksamen, men at dei bør øve mest på matematikk sidan dei er svakast der. Leonardo og Fillip er ikkje glade i matematikk. Hans er ei trøtt type som søv gjennom timen. Men Leonardo fekk til slutt vekt han for å ta friminutt.

– Storma ut på scenekanten

På gangen er det tenårings-diskusjonar med erting og mobbing. Ei scene som stikk seg ut var då Siri blei plaga på fest. Ho hadde tatt med ei Fanta-brus, men vert pressa til å drikke noko sterkare av Fillip og Alex. Opprørt storma ho frå festen og ut på scenekanten til songen «Hjertevenn». Denne scena står regissøren nært.

– I forkant er det blitt etablert at ho ikkje hadde noko sosial tilhøyrsle, vart mobba, haddeingen venar og var einsam. Denne scena er klimakset for ho, at no er det nok. Songen vart eit brestepunkt som fekk vaksne til å ta til tårene. Dansarane fekk fram dei vonde kjenslene, medan Sofie Frantsen, som Siri, formidla det vonde ho kjenner særs godt. Så den scena har eg eit spesielt forhold til. Men eg likar også godt festscena. For det er viktig at ungdomane får prøve ut ting og bli meir bevisste på det å seie nei om ein vert pressa til noko. For det er eit reelt problem i dag, åtvarar regissøren.

Håpar det berre var starten

Musikalen avsluttar med at elevane kjem ut frå klasserommet og eksamen er ferdig. Sommarferien står for tur og då stikk dei på kafeen Kvikk Lunsj for å feire med kake. Regissøren håpar denne typen kulturhending vert ein tradisjon.

– Målet med dette er at vi kan sette opp fleire liknande prosjekt i framtida. Eg har lyst til at om ti år så lurer folk på kva musikal som vert sett opp her. Er det Abba? Er det Le Miserable? avsluttar Melissa Kvalsund Nerland.