- Med Stenersen har vi fått ein leiar med god kompetanse og erfaring. Vi er svært godt fornøgde med tilsetjinga, og er trygg på at han har eigenskapar som vil vere viktige for Tussa Installasjon og utviklinga av selskapet, seier konsernsjef i Tussa, Elling Dybdal, i pressemeldinga.

Roar Stenersen har elektrofagleg utdanning som montør og ingeniør, og mange års leiarerfaring frå fleire selskap. Dei siste åra har han arbeidd i Havyard/MMC som Vice President Service & Aftersales, i tillegg til å leie selskapet Global Enviro.  Han ser fram til å starte i stillinga, bli kjent med medarbeidarane og delta i den vidare utviklinga av selskapet.

Tussa Installasjon er den største elektroentreprenøren i distriktet, og har vore i marknaden i over 60 år. Selskapet har to avdelingar, ei i Ørsta og ei i Ulsteinvik. Selskapet har 90 tilsette med kompetanse og erfaring knytt til dei aller fleste område innan elektrofag.