Det heile byrja ein dag tidleg i mars. Ordføraren var på veg til Restaurant Fosnavåg Brygge for å kjøpe med seg ein fiskemiddag til seg sjølv og madammen, då magen talte.

– Eg orka ikkje å vente heilt til middag, så eg fór innom Elmirs og kjøpte meg ein lett burgar. Etterpå fekk eg med meg to porsjonar med klippfisk og fór heim, fortel Goksøyr.

Ikkje mange dagane etterpå hadde han seg endå ein tur i sentrum .

– Eg vima rundt og tenkte at no skal eg jammen få opp handelen her – eg trur eg var innom 7–8 butikkar på to dagar – og så skulle eg bort på Madelynn Coffee. Men eg gadd ikkje gå heilt bort, så eg stoppa på hotellet og tenkte at dei kanskje hadde ein lunsjmeny. Og så hadde dei jammen meg burgar dei med. Den smakte eg, og den var god. Då vart det eit prosjekt, smiler ordføraren.

8. mars publiserte Goksøyr eit innlegg på Facebook, der han erklærte at han har starta sin eigen matkonkurranse. «Eg har sett i gang jakta på Fosnavåg bys beste hamburgar. Eg har ikkje tatt meg tid til å finne ut kor mange som lever av å selje ferdig tillaga mat i nedslagsfeltet, men det skal bli ei råd», skreiv han mellom anna.

Den meldinga fekk sjølvsagt ikkje gå upåakta hen. Restaurant- og matfagslærar Ingebjørg Lyster ved Herøy vidaregåande skule tok opp temaet med ein av sine elevar, Vegard Berge, som har vore med å utvikle ei eiga oppskrift han har kalla for «BLT Blings». Då hadde allereie ein kollega, Tone Tjervåg, invitert ordføraren til å vitje skulens restaurant. Men altså, Ingebjørg sa til Vegard:

– Skal vi ta å utfordre han ordføraren på desse BLT-ane dine?

Guten, som går VG2 kokkefag, såg lenge på henne før han svarte:

– Tør du det då?

– Ja, det gjer eg.

Den vesle historia vert fortalt av Ingebjørg Lyster, medan ho, ordføraren, varaordføraren og nokre inviterte lærarar stappar i seg BLT-blingsar på «Restaurant Lykken» på HVS fredag føremiddag. Kokken sjølv er på kjøkenet og gjer klar dei siste detaljane med maten. Ingebjørg held fram:

– Vegard smilte frå øyre til øyre. Det var det andre verkeleg store, oppriktige smilet vi har fått frå han i år – det første var då han fekk vere med ut og felle tre med motorsag, seier ho.

Ordføraren har ikkje vore spesielt oppteken av mat. No, derimot ...

– Eg går på medisinar som gjer at eg har varierande matlyst. Somme dagar og veker kan eg vere så kvalm at eg berre får i meg litt frukost og vatn. Så kjem desse herlege tidene då eg ligg og drøymer om mat om natta. Men eg drøymer berre om husmannskost; kjøttkaker, kotelettar og torskemiddagar. Sånn som vi vaks opp med, seier han.

Med andre ord må han ikkje ha hamburgar.

– Nei, eg skal innrømme at avgjersla kom av ein slags irritasjon over at vi ikkje greier å lyfte opp alt det flotte vi har rundt oss. Vi veit om tilboda, men så hugsar vi dei på ein måte ikkje. Då eg «sausa» ut av meg noko på Facebook, greip lærarane her moglegheita, og sa; kom og smak BLT-blingsane til Vegard, og det synest eg er veldig flott, seier Goksøyr.

Denne fredagen er avspaseringsdag for elevane i Vegard si klasse. Difor er det berre for gjestane si skuld at Vegard er på skulen – men han har ikkje noko imot å gjere jobben åleine. Faktisk har han laga til den velsmakande BLT-blingsen på eiga hand mange gongar før.

– Først prøvde eg han ut på elevane i Påbygg-klassa her på skulen. Dei fleste likte blingsen som han var, medan nokre likte best ein annan variant med ost og skinke, seier han.

Vegard deler gjerne original-oppskrifta:

– Alt er heimelaga. I blingsane er der kalkunskinke, aioli, BBQ-saus, crispy salat, kverna pepar, litt raudlauk, tomat og eit par skiver bacon, seier han.

Blingsane er allereie blitt fast innslag i kantina på onsdagane.

– Sist onsdag serverte Vegard to variantar, og alt vart utselt skryt lærarane.

Etter måltidet kan Vegard puste letta ut, for blingsane hans ser ut til å kome godt ut i ordførarens personlege «matkonkurranse».

– For det første må du ha ein god blings, og så er det smakssamansetjinga som avgjer om dette er godt eller ikkje. I dette tilfellet trur eg det er sausen som set spissen på det heile og gjer BLT-blingsen til suksess, seier Goksøyr, før han smiler litt og legg til:

–At eg skulle bli ein sånn matanalytikar hadde eg aldri trudd.